God Påske!
Vi sit framleis ein liten gjeng på kontoret, men campus er i ferd med tømmast for folk. Nokre har truleg vendt nasen mot Hodlekve, Sognafjellet eller kanskje meir sentrale strøk. Uavhengig av kvar du måtte befinne deg i påska håpa vi du tek deg tid til påskekrim, marsipan, kvikklunsj og appelsin. At tida blir brukt saman med vener eller familie og at batteria vert lada før du skal i gang med siste etappe før sommarferie.
I Sogn Næring skal påska nyttast på ulikt vis, nokon skal halde fortet i Sogndal, mens andre pakkar bilen og reise mot påskefjellet. Felles for oss alle er at vi tysdag 19. april er tilbake på kontoret og klar for å brette opp armane igjen. Våren vert full av spannande arrangement, feiring av 15 års jubileum og arbeid med ei brei portefølje av prosjekt - som dei seie på tv, føl med etter pausen!
Med ynskje om ei riktig god påske, helsing alle oss i Sogn Næring!