Nye spanande utfordringar for Ståle Brandshaug
Etter 8 år som reiselivsdirektør i Visit Sognefjord, går reisa vidare for Ståle. No går ferda til selskapet 2469 reiseliv, her skal han tre inn som partnar. Han held altså fram i reiselivsbransjen og vil framleis vere involvert i reiselivet i regionen og resten av landet.
Styret og dei tilsette i organisasjonen er allereie godt i gang med å få på plass gode løysingar for organisasjonen og finne den rette til å ta over rolla som reiselivsdirektør for Visit Sognefjord.
Vi ynskjer Ståle masse lukke til med dei nye utfordringane, og vi gler oss til å sjå kven som tek over roret og kvar for steg selskapet tek framover.
Sogn Næring er saman med Aurland Ressursutvikling største eigar i Visit Sognefjord. Selskapet er det viktigaste verktøyet vi har for å marknadsføre regionen vår nasjonalt og internasjonalt.