Stort oppmøte på frukostmøte om mat og landbruk!

Det var mange som var interessert i kva Ola Hopperstad frå Sogn Grønt og Veronica Siem Bech landbrukssjef i Vik kommune hadde å fortelle torsdag morgen på Blix hotel i Vik. “Det er alltid kjekt å arrangere i Vik, for der stiller dei opp!” seier forretningsutviklar Karoline Myklebust.

Ola Hopperstad byrja showet med ein gjennomgang av kva som skjer med bærproduksjon i Vik kommune. Her fikk dei oppmøtte eit innblikk i kva utfordringar næringa har i dag, men også moglegheitar for framtida og kva som skal til for at bærbøndene i Vik skal lukkast.

Deretter fortalte Veronica generelt om landbruket i Vik, trendar og utvikling innanfor næringa, satsingsområda til kommunen og kva som kan vente i framtida av utfordringar og moglegheiter. Framtida til Tine Meieriet i Vik er sjølvsagt eit tema som interesserer mange og vi fekk fleire innspel frå salen om ulike løysingar på korleis vi skal ta meieriet inn i framtida som ei viktig bedrift for landbruket i Vik.