Studere coaching og relasjonsledelse i Sogndal?

 

Våren 2023 kan du studere coaching og relasjonsledelse lokalt i Førde og Sogndal. Faget er retta mot vaksne leiarar/ mellomleiarar, som ønskjer etterutdanning og studiet blir administrert av Folkeuniversitetet i samarbeid med Oslo MET Storbyuniversitetet, som har eksamensansvar.

Klikk her for å lese mer eller melde deg på via denne linken: https://www.folkeuniversitetet.no/Universitets-og-hoegskolefag/Organisasjon-og-ledelse/Coaching-og-relasjonsledelse-emne-1?kurs=58723

Gjennom å studere coaching vil du få fagleg påfyll i eit inspirerande miljø med gode forelesarar. Tidspunkt for studiet er kvardagar frå kl. 10.00‐17.00 dag 1 og kl. 09.00 – 16.00 på dag 2. Dato for dei fire samlingane er som følgjer: NB! Første samling er på ein tysdag og onsdag. Resten er på torsdagar og fredagar.

  • Samling 1 – studiested Thon Hotel Førde - tysdag 24 og onsdag 25 januar.

  • Samling 2 - studiested Vite Meir-senteret på Kaupanger - torsdag 16 og fredag 17 februar

  • Samling 3 – studiested Thon Hotel Førde - Torsdag 16 og fredag 17 mars

  • Samling 4 – studiested Vite Meir-senteret på Kaupanger - Torsdag 20 og fredag 21 april

Frist for innlevering av heime-eksamen - ein praksisrapport på omlag 12 sider, er fredag 19 mai 2023


Prisen for studiet er kr. 19.900,-. Eksamensavgift på kr. 2500,- og bøker for ca kr. 2000,- kjem i tillegg.

Når dette studiet er over, vil det vere mogleg å gå vidare på coaching og relasjonsleiing emne 2 (teamcoaching 15 STP) og emne 3 – coaching i lærande organisasjonar – 30 STP. Totalt er det mogleg å få 60 STP i coaching og relasjonsledelse hos Folkeuniversitetet. Har du en bachelor frå før kan dette grunnfaget nyttast som delfag på Oslo Met inn mot t.d. master i yrkespedagogikk.

Klikk her for å lese mer eller melde deg på via denne linken: https://www.folkeuniversitetet.no/Universitets-og-hoegskolefag/Organisasjon-og-ledelse/Coaching-og-relasjonsledelse-emne-1?kurs=58723

Siste frist for påmelding er fredag 06. januar 2023.

Ta kontakt med Reidar Brandsberg på Tlf. 920 52 465 for spørsmål.

 
Karoline Myklebust