Planlegging av neste års entreprenørskapsmesse er i gang!

 

Heilt sidan 2008 har Ungt Entreprenørskap og Sogn Regionråd, saman med ulike vertskommuner, invitert ungdomsskuleelevar frå heile Sogn til ein dag der entreprenørskap står i fokus. No er planlegginga av neste års messe i gang, som vil bli arrangert i Vik 25.april 2023. Vi gler oss allereie til å sjå alle dei flotte ungdomsbedriftene i Sogn samla i Blixhalli!

Her kan du få eit tilbakeblikk på messa som blei arrangert i Luster i 2022.

Bilde: Sogn Regionråd, Entreprenørskapsmessa i Luster 2022

 
Birgitte Karlstrøm