Styret justerte strategien
Sogn Næring sin strategi vart vedteken 01.04.2020. Styremøtet 9. juni var det første for det nyvalde styret i selskapet, og på møtet vart strategien oppdatert.
Etter oppdateringa av strategien vert det tydeleg teke høgde for at selskapet kan bidra i arbeid med førstelineteneste for næringsutvikling i fleire kommunar, slik ein allereie gjer i Vik kommune.
Det har og kome til eit nytt avsnitt om organisasjon:
Sogn Næring skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar der medarbeidarar trivst og har gode høve til å utvikle seg. Det er ei målsetjing at organisasjonen er dynamisk og raskt kan tilpasse seg nye oppgåver, rammevilkår eller arbeidsformer.
Det er mange verkemiddelaktørar i Norge og og gjennomgang av desse har synt at landskapet er uoversiktleg. Sogn Næring ønskjer å bidra til at næringslivet og andre interessentar får ei saumlaus oppleving av dei offentglege verkemidla, og skal i framtida søke samarbeid med andre i ulike former får å oppnå dette.
Arbeidet med næringshageprogrammet til Siva og Fylkeskommunen skal styrkast og selskapet skal ha ein tydelegare rolle og eigarskap til programmet.
Dette er styret til Sogn Næring AS:
Agnar Holen (leiar)
Kristin Rundsveen Bøtun (nestleiar)
Eli Grete Høyvik
Jørgen Christian Lindstrøm,
Mari Husabø
Stig Ove Ølmheim
Varamedlemmar:
Frode Bøthun (møter fast i styret)
Emilie Pellegrino
Jorunn Åsfrid Røyrvik
Gudvin Steinar Haraldsson