Trafikklys for ferdsel i utmark - ein ny app som løyser kjend utfordring
Ideen kom fra ei oppgåve som kjæresten hadde i sitt studie, men utforminga og forretningsplanen vart eit resultat av deltaking på konkurransen think rural, think digital, think ahead!
Vegard er sjølv ein ivirig jægar og stisyklar og har sjølv i mange tilfeller kjend på dei utfordringar som kan oppstå grunna ulike behov og manglande dialog mellom grunneigar og brukarar av både inn- og utmark. Vegard fortel at appen skal verte ein plattform for utveksling av informasjon og kunnskap for å sikre at aktivitetene til eksempelvis syklistar, turgåarar eller andre ikkje skal kollidere med ulike drifts- og næringsaktivitetar til grunneigarar. Dette er utgangspunktet for appen, men Vegard har allereie byrja kartlegge fleire forretningsområder der plattformen kan bidra til å løyse konkrete utfordringar og uløyste behov,
No skal han i gang med utviklinga av ein MVP (minimal viable product). Finansiering til utviklinga hentar han frå premiepotten frå den digitale entreprenørkonkurransen, støtte frå kommunalt næringsfond og mykje eigeninnsats.
Vi ynskjer Vegard lukke til vidare med utviklinga av Rural lights og ser fram til å følgje med han i den spanande utviklingsprosessen han skal i gong med.
Har du ein god ide du ynskjer å drøfte med oss, ta kontakt for ein uformell prat!