«Summen av realistiske små steg - det er so lite so skal til»
Restarte regionalt samarbeid for realistisk heilårsturisme: «Summen av realistiske små steg - det er so lite so skal til..»
Saman med Vestlandsforsking initierte Sogn Næring våren 2021 prosjektet Restart Reiseliv. Målet med prosjektet er å restarte og forsterke samarbeid og utvikling i kriseråka reiselivsbygder i Sogn. Dette for å auke verdiskaping og lønsemd gjennom lengre sesong, og særleg gjennom å utvikle flere helårs arbeidsplasser i reiselivet og meir levedyktige lokalsamfunn og bygder der det i dag er eit einsidig og sesongbasert næringsliv.
Prosjektgruppa er leia av May Lene Steinheim Lunden frå Sogn Næring og ho har med seg Bård Huseby og Ivar Petter Grøtte frå Vestlandsforsking og Ståle Brandshaug frå Visit Sognefjord:
-No er vi godt i gang, fortel May Lene - I haust har Bård Huseby frå Vestlandsforsking og eg vore på besøk i Flåm, Fjærland, Balestrand og Gaupne. Her har vi intervjua dei viktigaste reiselivsaktørane for å få fram gode utviklingsaktivitetar.
-Aktørane på nord- og sørsida av fjorden har mykje å lære av kvarandre, og i dette prosjektet håper vi å skape varige synergiar og samarbeid, fortel May Lene. -Inn i prosjektet stiller me med anna spørsmål som: Kva kan me læra av kvarandre? Kva har ein gjort med suksess i dei ulike bygdene før Covid19? Korleis kan vi få i gang gjenreisinga av reiselivsproduktet vårt til nivået frå haust og vinter 2019/2020?
Bedriftene som deltek i prosjektet er fordelt mellom overnatting, mat, kultur og aktivitetar. -Mangfald er nøkkel for å lukkast. For å lukkast med heilårsturisme treng ein eitt mangfald og ein må stå samla for å gjera reisemålet attraktivt, avslutter May Lene.
Prosjektet er støtta av Vestland Fylkeskommune, Aurland Kommune og Sogndal Kommune.