Vik rigger seg for cruisesesongen 2022!
På oppdrag frå Vik kommune og Næringssamskipnad jobbar Sogn Næring med to prosjekt knytt til cruiseturisme. Mål med satsinga er å legge forholda til rette for lokal verdiskaping gjennom eit auka fokus på cruiseturisme i kommunen dei neste åra. På lang sikt skal ein utvikle ein strategi og handlingsplan for korleis kommunen skal jobbe med cruise i framtida.
Det er estimert at om lag 50 000 cruiseturistar kjem til Vik i 2022.
-Gjennom å mobilisere lokale aktørar ynskjer vi å skape eit heilskapleg tilbod til turistane som kan bidra til at ein større del av verdiane blir att i kommunen, seier forretningsutviklar Karoline Søvik Myklebust i Sogn Næring. -Dette gjeld både tilbod på lokale varer som mat, drikke og suvenirar samt opplevingar som besøkspunkt, mat og drikke, utleige av diverse utstyr, bil/båt/vandreturar ol. Her er det store moglegheiter for reiselivsnæringa!
På lengre sikt skal Vik kommune og næringslivet lokalt ta stilling til større spørsmål som korleis ei eventuell satsing skal møte berekraftsmåla, eventuelle investeringar som må på plass osb. Dette er spennande arbeid som vekkjar myke interesse og engasjement i lokalsamfunnet og i regionen generelt.