Treng du litt fagleg påfyll?

Kven kan ikkje trenge litt fagleg påfyll? Folkeuniversitetet tilbyr no fleire korte kurs GRATIS for deg som er tilsett i reiselivet, frisør- og velvære-, mat- og drikke-, anlegg-, olje- og gassnæringane.

Du finn meir informasjon om kursa for dei ulike næringane her.

Motivasjonspsykologi – 15 STP i Førde
Dette populære studiet vert starta i Førde vinteren 2022. Faget er ein del av utdanningsprogrammet i arbeidslivspsykologi. Dei to andre faga i programmet er Arbeids– og organisasjonspsykologi 30 STP og Personalpsykologi 15 STP. Ein kan totalt kan ta 60 STP samanhengande over 2 år. Du kan melde deg på eller få meir informasjon ved å klikke på denne linken.

Coaching og Relasjonsleiing emne 1  - 15 STP - studiestad Førde eller Sogndal med oppstart hausten 2022
Dette er eit populært fag, som meir enn 350 leiarar og mellomleiarar i fylket har teke tidlegare. Arbeider du som leiar eller mellomleiar, kan studiet gje deg gode verktøy og nyttig lærdom om korleis du best mogleg kan  rettleie andre. Studiet har gode forelesarar og gjer høve til å byggje vidare med emne 2 på 15 STP og emne 3 på 30 STP. Ønskjer du eller tilsette frå di verksemd å vere med? Kontakt reidar.brandsberg@folkeuniversitetet.no for meir informasjon.

aktuelt, kompetanseGuest User