Utlysing av midlar til rekruttering, kompetanseheving og næringsutvikling i landbruket i Vestland 

Vestland fylkeskommune lyser ut no midlar til utvikling av landbruksnæringa i fylket, med to ordningar med søknadsfrist 15. april 2021: 

·       Regionale tilretteleggingstiltak i landbruket 

·       Rekruttering og kompetanseheving i landbruket  

 Midlane skal mellom anna bidra til å betre rekrutteringa til landbruket og bygdenæringane, auka lokal matproduksjon, utvikling og modernisering av tradisjonelt og økologisk landbruk og utvikling av andre landbruksbaserte næringar som lokal mat og drikke, reiselivstilbod, og verdiskaping basert på utmarksressursane.  

Vestland fylkeskommune inviterer til digitalt informasjonsmøte om korleis søke støtte til å utvikle landbruket i kommunen den 17. mars, kl. 13.00 – 15.00