Utviklings- og kompetansetiltak kan bidra til at bedrifter kjem styrka ut av krisa

Mange bedrifter i Sogn merkar no effekten av koronapandemien. Uro i marknaden, kansellerte ordrar og usikkerheit om framtida gjer det naudsynt for mange å vurdere permitteringar. Samstundes merkar vi at mange av bedriftene våre har fått betre oversyn over situasjonen og er begynt å løfte blikket framover. Mange har fokus på korleis dei skal levere endå betre varer og tenester når marknaden fungerer som normalt. Å bruke tida framover på utviklings- og kompetansetiltak kan bidra til at ein kjem styrka ut av krisa.

Fylkeskommunen lyser ut 11,4 millionar til bedriftsintern opplæring

For å imøtekome behova i næringslivet er midlar til utviklings- og kompetansetiltak ein del av tiltakspakka frå regjeringa. Fylkeskommunen har fått tilført ekstra midlar til ordninga med bedriftsintern opplæring. 11,4 millionar er no lyst ut, med løpande vurdering av søknadane. Midlane skal gå til bedrifter med låg aktivitet som følgje av Covid-19 viruset, og skal nyttast til opplæringstiltak av tilsette i samband med omstillingsprosessar eller tilpassing til nye marknadssituasjonar. Også delvis permitterte kan delta i opplæringa. Heilt permitterte kan delta dersom regelverket for dagpengar blir endra.

 Meir informasjon om utlysinga og søknadsskjema finn du her.

Både Høgskulen på Vestlandet og Folkeuniversitetet kan vere aktuelle partnarar for næringslivet på opplæring.

Tilskotsordningar under Innovasjon Norge

Innovasjon Norge har justert sine tilbod i samband med koronakrisa, og legg opp til eit større bidrag til finansiering enn normalt. Kravet til eigenkapital er redusert. Dei tilbyr også avdragsutsetting på lån, og lågare renter enn vanleg. Sjekk ut webinaret til Innovasjon Norge om dei nye tenestene her.

Ta kontakt med Innovasjon Norge i dag for å høyre korleis dei no kan hjelpe di bedrift. Vil du har ein prat med oss i Sogn Næring først, er det berre å ta kontakt!