Kva er kompetansebehovet i di bedrift?

Kompetanseforum Vestland, beståande av mellom anna leiarane av dei største utdanningsinstitusjonane i Vestland, fylkeskommunen og partane i arbeidslivet, arbeider med å dimensjonere og utvikle utdanningstilboda i fylket. Dei ber no om innspel frå dei ulike regionane i Vestland for å sikre at tilboda blir utvikla i tråd med behova i arbeidslivet. Dei ynskjer innspel om behov på kort sikt (behov som følgje av koronakrisa) og på lang sikt (utdanningstilbodet 2021/2022).

Det er svært viktig at tilboda blir utvikla i tråd med næringslivet sitt behov. For å sikre dette ber me om at næringslivet i Sogndal kommune svarar på spørsmåla i spørjeskjemaet under. Sogn regionråd vil deretter gi ei samla tilbakemelding til fylkeskommunen om kva som er behova til næringslivet i Sogn. Frist for tilbakemelding er 27. april.

Spørjeskjemaet finn du her:  https://forms.gle/HXTF6qZBWJ7dbj8f7.