Hels på vår nye rådgjevar Ida!

 

Vi har gleden av å få Ida Brastad Ramsfjell med på laget i Sogn Næring. Saman med Høgskulen på Vestlandet styrkar vi satsinga på gründerskap for elevar og studentar. Dei to organisasjonane har gått saman om ei felles rådgjevarstilling som skal bistå ungdom som vil skape arbeidsplassar for framtida.

Ida skal bidra i arbeidet med å vidareutvikle HVL Skape, bidra til kulturbygging og mobilisering for entreprenørskap blant ungdom, og knytte saman arbeid med innovasjon og entreprenørskap i HVL og Sogn Næring med resten av utviklingskapasiteta i Sogn.

Ho skal ha eit særleg fokus på aktivitetar knytt til HVL campus Sogndal/Fosshaugane campus, men vil inngå i HVL Skape-teamet som får ressursar på alle fem campus i HVL (Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord). I Sogn Næring skal Ida vere særleg knytt til gründerar, men skal også samarbeide med resten av teamet med utviklingsarbeid.

Ida er opprinneleg frå Konnerud i Drammen med eit lengre opphald på 8 år i Oslo før turen gjekk vidare til Sogndal. “I Oslo tok jeg først master i «utdanningsvitenskap med fordjupning kroppsøving og idrettsfag» og jobba deretter to år som lærar, ved sida av å vere fotballtrenar.” seier Ida.

Medan Ida og sambuaren budde i Oslo byrja interessa for ski og toppturar for dei begge. Dei fant fort ut at det ikkje gav meining å bu på Østlandet når dei brukte alle helgar på å oppsøke fjell og natur. Dei tok derfor avgjerda om å flytte til Sogndal sommaren 2020, og har ikkje angra eit sekund sidan. Her brukar ho fritida på stisykling, ski og vere saman med likesinna, “som det finst mange av her i Sogndal” sei Ida.

I dag jobbar ho i NAV/Helse Førde med å støtte ungdom/unge voksne i jobb og utdanning. Dette har vert ein særs givande jobb som ho kan ta med seg mykje erfaring frå. «Eg gler meg stort til å byrja i stillinga hos HVL/Sogn Næring, og har allereie fått eit godt inntrykk av arbeidsoppgåver og framtidige kollegaer».


KVA ER HVL SKAPE?

HVL Skape er Høgskulen på Vestlandet sitt studenttilbod innan innovasjon og entreprenørskap som strekk seg utover det som skjer i fag og emner, og er eit tilbod for alle studieretningar og på alle campus. HVL-studentar kan gjennom HVL Skape få hjelp til å vidareutvikle ideane og prosjekta sine, delta på arrangement og få finansiering. Samstudes er HVL Skape eit studentinnovasjontilbod som er noko breiare enn utviklinga av kommersialiserbare forskingsidear. Like viktig er det å etablere ein kultur for entreprenørskap og utvikle ferdigheiter og metodar som gjer at studentar etter si utdanning kan gå inn i eksisterande arbeids- og næringsliv og bidra til innovasjon.

HVL Skape er dessutan viktig for campusutvikling, og skal bidra til «sticky campus» eller ein campus der studentane ønskjer å vere sjølv utan om undervisningstider. HVL Skape skal bidra til at campus vert fylt med yrande liv, myke sosial interaksjon, og auka læring for studentane.

 
aktueltKaroline Myklebust