Vert strategisk partner

Sogn Næring vert del av Vestland Fylkeskommune sitt strategiske partnarskap for næringsutvikling. Dette vedtok hovudutval for næring i Vestland Fylkeskommune på sitt møte fredag 22. januar.

Totalt er det 34 aktørar som får denne statusen når det skal inngåast næringsretta samarbeidsavtalar for innovasjon og næringsutvikling for åra 2021 og 2022. I tillegg til eit mindre tilskot, får Sogn Næring tilgang til både faglege samarbeid og nettverk for å nå mål og strategiar i Vestland.

Leiar i hovudutval for næring seier dette til vlfk.no:

– Vi inngår samarbeidsavtale med aktørar som er strategisk viktige for å gjennomføre innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke. Desse meiner vi dekker faglege bidrag til innsatsområda og at vi geografisk kan nå ut til heile fylket. Avtalen vi inngår, skal gjelde for to år. Den vedtekne stønaden gjeld for i år. Vi kjem attende i budsjettet for neste år om kor mykje pengar vi då skal løyve.

-Vi er glade for å bli ein del av denne partnarskapen og det er berre å takke for tilliten, seier dagleg leiar i Sogn Næring, Torgeir Skålid. -Vi ønskjer å bidra til at den positive utviklinga i Sogn held fram, og med dette nettverket og ein offensiv fylkeskommune i ryggen, står vi godt rusta for jobben.

Les meir på Vestland Fylkeskommune si nettside.

aktueltGuest User