Vi var tilstades på klimaomstillingskonferansen i Sogndal

Denne veka vart klimaomstillingskonferansen 2022 arrangert på Quality Hotel Sogndal, og vi var sjølvsagt til stades for viktig fagleg påfyll innan eit tema som høgst aktuelt for bedriftene vi arbeidar med.

Klimaomstilling er ein årleg, nasjonal arena for deling av kunnskap knytt til nokre av dei største samfunnsutfordringane me har. Her vart det tatt opp aktuelle sidar ved arbeidet med klimakutt og tilpassing til klimaendringane.

Klimaomstilling har opphav i eit mangeårig, regionalt samarbeid på klimaområdet og innan tilpassing til klimaendringar. Dette samarbeidet starta i Sogn og Fjordane, men blir ført vidare i Vestland fylke.

Hovudtema for årets konferanse var «Klimarisiko og Norsk Matsikkerheit» og «Energiomstilling.» Konferansen starta tysdag med ekskursjon til Sogn Jord og Hagebruksskule i Aurland, eit besøk til Sogn Frukt og Grønt i Lærdal, før turen blei avslutta på ViteMeir på Kaupanger.