Vik helste første anløp for sesongen velkommen
Skjærtorsdag kom første anløp for 2022 sesongen til Vik og turistane vart ynskja velkommen i eit nyopprusta Kristianhus.
Det var kjekt å endeleg få liv i bygget, og det vart seld mykje gamalost i den nye butikken! Lokale aktørar har gjort ein flott jobb med innreiing og godt samarbeid har gjort at butikken tilbydde ei rekke lokale varer.
No fortsett arbeidet med vidareutvikling av konseptet, og vi i Sogn Næring tar gjerne imot innspel og nye ideear! Dersom du har ei bedrift som er interessert i å selje varer eller aktivitetar så ta kontakt med vår forettningsutviklar Karoline. Kontaktinfo her