Webinar: Ciderhuset
Torsdag 7. mai 2020 klokka 11:30.
Påmelding seinast onsdag 6. mai klokka 18:00 nederst i denne artikkelen.
I Balestrand bygger Balholm vidare på den lange tradisjonen i Sogn med å lage drikkevarer med og utan alkohol av frukt og bær. Familieverksemda Ciderhuset er Balholm sitt «showroom» og står også på eigne bein som ein viktig turistattraksjon med restaurant, gardsbutikk og aktivitetar som cidersmaking, «cooking classes», kulturvandringar og internasjonale prosjekt. No er dei som mange andre i dei same bransjane svært utfordra av Covid19-krisa, og jobbar kvar dag med å avgrense verknadane og sjå potensialet i drifta framover.
I webinaret får du høyre historia om Ciderhuset og kva som går føre seg der, og det vert premiere på den heilt nye presentasjonsfilmen. I tillegg deler Eli Grete Høyvik sine tankar i krisetida, og fortel litt om korleis dei møter dei neste vekene. Det vert og høve til spørsmål og utveksling av refleksjonar rundt utfordringane næringslivet vårt har.
-------------------------
Med gode erfaringar frå lågterskel lunsjsamlingar hausten 2019, satsa Sogn Næring og Sognefjorden Næringshage friskt i 2020, med arrangement i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Campus Sogndal. Målet er eit nærings- og arbeidsliv som kjenner kvarandre godt. I Covid19-krisa testar vi no ut alternativ til fysiske møte gjennom digitale møteplassar.
Lag deg ein god lunsj og bli med oss på webinar torsdag 7. mai. Det vert ikkje smaksprøver denne gongen…
Det vert gjort opptak av webinaret, og vi rår deltakarane til å slå av kamera og mikrofon.