Webinar: Kommunikasjon og programmatisk annonsering

Onsdag 20. mai klokka 11:30

Påmelding innan 19. mai på skjema under.

Per Magne Sviggum driv Sviggum Design & Kommunikasjon AS. Selskapet fokuserer i hovudsak på strategi og kommunikasjon, i tillegg har dei spesialisert seg på programmatisk annonsering, dvs. kjøp av målstyrte nettannonser.

Det vert presentasjon av selskapet og tenestene deira, med vekt på kommunikasjon og programmatisk annonsering. I tillegg vert deltakarane invitert til dialog.

---------------------------------------------

Med gode erfaringar frå lågterskel lunsjsamlingar hausten 2019, satsa Sogn Næring og Sognefjorden Næringshage friskt i 2020, med arrangement i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Campus Sogndal. Målet er eit nærings- og arbeidsliv som kjenner kvarandre godt. I Covid19-krisa testar vi no ut alternativ til fysiske møte gjennom digitale møteplassar.

Lag deg ein god lunsj og bli med oss på webinar onsdag 20. mai.

Det vert gjort opptak av webinaret, og vi rår deltakarane til å slå av kamera og mikrofon.

Påmelding her innan 19. mai:
Alle påmeldte for informasjon på epost om pålogging før webinaret tek til.