Fjørarock er det ferskaste tilskotet på festivalhimmelen i Sogn. 25.-26. august fyller dei scena i Sognalsfjøra med band som Blomst, Oslo Ess, Moillrock, Hjerteslag, Røysum, BÅÅÅV, Stagedolls og Ingenting.
Kvifor gjer dei det, kva kan vi vente oss og korleis går det eigentlig med arrangørane to knappe veker før festivalstart? Primus motor Erlend Fardal Lunde gir oss status frå ein fersk festivalarrangør sitt perspektiv.
Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.
Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.