Komande arrangement
Me inviterer til mange spennande arrangement. Her finn du komplett oversikt.

Sosialt entreprenørskap, reparasjon og ombrukskveld på Meieriet
Sogn Næring, HVL Skape, SIMAS, Fremtiden i Våre Hender Sogndal og Trivselssentralen ynskjer å invitere til ein hyggelig kveld på Meieriet med tema sosialt entreprenørskap, reparasjon og ombruk.
Vi startar kvelden 18:00 med gratis mat og føredrag. Vi skal få høre frå Joaquin Zenteno Hopp frå Vestlandsforsking. Joaquin har erfaring med sosialt entreprenørskap frå Latin Amerika, der han jobba med sosiale innovasjonar og søppelhandtering. Han har også erfaring fra arbeid innen menneskerettigheter og ombruk frå Bolivia og Galapagos øyene.
Deretter skal Ingeborg Lysne snakke om korleis det er å starte eit eige selskap innan reparasjon, og erfaringar ho har gjort seg på reisa så langt.
Til slutt skal vi høre litt om reisa til Friluftsskulen. Dei skal dele vi deira reise frå etableringa av aktivitetsvekene til det som i dag er friluftsskulen i Sogn i samarbeid med Friluftsrådet. Dei vil fortelje om bakgrunnen for prosjektet, korleis dei rekrutterer og engasjerer unge instruktørar til sommarjobb, og marknadsføringsstrategiane til Friluftsskulen. Til slutt gir vi eit innblikk i Kompani Sogn – eit initiativ for å skape robuste, samspelte og friluftsglade deltakarar.
Etter føredraga opnar vi for fikseverkstad. Alle er velkomne til å ta med ulike ting som må stoppes, lappes, øydelagde glidelåser eller spenner på sekker, lapping av goretex er også mogleg. Vi stiller med utstyr så fikser vi i lag! Vi har symaskiner tilgjengelege, og Moa frå Me syr og Ingeborg frå Saumlaus stiller for å hjelpe til med tips og triks. Om du går tom for ting å fikse kan du ta med handarbeid medan du plukkar opp tips til kva du skal gjere neste gong glidelåsen ryk.

Ungt entreprenørskapsmesse i Sogndal
Heilt sidan 2008 har Ungt Entreprenørskap og Sogn Regionråd, saman med ulike vertskommuner, invitert ungdomsskuleelevar frå heile Sogn til ein dag der entreprenørskap står i fokus. No er planlegginga av neste års messe i gang, som vil bli arrangert i Sogndal 8. april 2025. Vi gler oss allereie til å sjå alle dei flotte ungdomsbedriftene i Sogn samla i Fleirbrukshallen på Kvåle i Sogndal!
Sogndal er vertskap for Entreprenørskapsmessa i 2025, og me ser fram til ein spennande dag i Sogndal 8.april. Entreprenørskapmessa er eit årleg arrangement for ungdomsskuleelevar i 8. og 9. klasse i kommunane i Sogn. På dagen presenterer 9.klasseelevarelevbedriftene sine for 8. klasseelevar, i tillegg til at 8. klasseelevar reiser rundt på besøk til lokale bedrifter. Dei får også høyra på gründerforedrag i løpet av dagen og besøke lokale bedrifter på stand. Totalt er det om lag 500 elevar som er med på messa denne dagen. Arrangørane av årets messe er det regionale prosjektet «System for styrkt læring» , «Ungt entreprenørskap» og Sogndal kommune. Messa har fokus på regional utvikling og lokal samfunnsutvikling, styrkja den entreprenørielle utviklinga til elevane i regionen. Samarbeid med vertskommunen og lokalt næringsliv er dermed viktig i dette arbeidet.

Frukostmøte Vik: Informasjonsmøte om Coop-bygget
Påmelding finn de nederst
Dato: 9. april 2025
Tid: 07:30 - 09:30
Stad: Blix Hotel
Vik Næringssamskipnad inviterer næringslivet, innbyggjarar og andre interesserte til eit informasjonsmøte om planane for Coop-bygget i Vik. Magnus Bergesen, prosjektleiar for byggeprosjektet, vil orientere om status og vegen vidare. Kommunen vil også informere om si rolle i prosjektet.
I tillegg vil me nytte høvet til å oppsummere idédugnaden frå 27. februar og sjå på vegen vidare for utviklinga av Vik som eit attraktivt lokalsamfunn for næring, reiseliv og tilflytting.
Dette er ein god sjanse til å få oppdatert informasjon, stille spørsmål og ta del i samtalen om framtida til Vik.

Workshop: Korleis kan vi utnytte den nye energilaben best mogleg?
Bli med og forme framtidas energilæring i Sogn!
Bli med og utforsk korleis vi best kan bruke den nye energilaben ved HVL campus Sogndal. Skular, høgare utdanning, læringsarenaer, kunnskapssenter, næringsliv og beslutningstakarar blir inviterte til å kome med sine ynske! For at vi i Sogn skal ruste oss med kompetansen vi treng for å vere konkurransedyktige, må vi jobbe saman! Workshopen er startskotet for etableringa av eit STEM-økosystem for energi i Sogn!
(*STEM står for Science, Technology, Engineering og Mathematics).
Ein del av EU-prosjektet Green Hydra
Korleis kan hydrogen bli ein viktig del av det grøne skiftet? Green Hydra er eit EU-prosjekt der me skal finna nye moglegheiter for små og mellomstore bedrifter til å bli ein del av Hydrogenøkonomien. Målet er å fremje forsking, innovasjon og teknologiutvikling for å skape nye forretningsmoglegheiter i denne sektoren.
Sogndal kommune adresserer kommuneplanen som politikkinstrument i prosjektet. Kommunen ønsker å forbetre regulatoriske rammevilkår, og fremja forskning, innovasjon og teknologi hjå SMB-ar i næringa. Kommunen sitt regionale nettverk består av Sogn Utvikling, Luster kommune, Vik kommune, Høgskulen på Vestlandet og Sogn Næring. Det er og ei målsetjing å etablere ei utvida lokal interessentgruppe.
Green Hydra samlar aktørar frå elleve europeiske land for å dele erfaringar og leggje til rette for berekraftig vekst i hydrogenøkonomien.
Program
12:00 - 12:45 Lunsj og tid til å bli kjent
12:45 - 12:55 Orientering om Green Hydra
12:55 – 13:25 Omvising på energilaben v/ Kristin Sæterdal
(Demonstrasjon av labforsøket «Produksjon og forbruk av hydrogen»)
13:25 – 13:55 Energilaben i lærarutdanninga v/ Kamilla Sjursen
13:55 - 14:10 Introduksjon til prosjektet «Eit STEM-økosystem for energi i Sogn.» v/ Kristin Sæterdal
14:10 – 15:10 Samarbeid som treffer barn og unge
Ein workshop der kvar gruppe skal formulere eit tiltak som vi skal jobbe for å realisere. Det kan til dømes vere ei aktivitet, eit arrangement eller eit styrkt tiltak med fleire samarbeidspartnarar.
15:10 – 15:30 Oppsummering og diskusjon

Påsketreff & Standup
Bli med på Påsketreff i Vik! 🐣🎿🍻
Nysgjerrig på jobb og moglegheitene som finst i Vik? Etter ein dag på ski eller i solveggen, ta turen innom Blix for ein kaffi, noko godt i glaset og ein triveleg prat!
Her møter du heimflyttarar, tilflyttarar og bedrifter som ser etter akkurat DEG. Kanskje er draumejobben din i Vik – med kort veg til fjellet, gode bumoglegheiter og ein kvardag der jobb og fritid går hand i hand?
💛 Kva skjer?
🎤 Sofaprat med spennande historier frå folk som har valt Vik – og kvifor!
🍽️ Mat, god stemning og mingling
😂 Standup med Visjon Tyleprat
🎶 DJ & hyggeleg afterski
🎟️ Bedriftsbingo med sjanse til å vinne festivalpass til Fres
👉 Det er heilt gratis å delta!
📍 Påsketreffet er i regi av Vik Næringssamskipnad i samarbeid med Vik kommune.
Program:
⏰ 17:00–18:00 – Velkomst og mingling med bedriftsbingo
🛋️ 18:00–19:00 – Sofaprat med lokale historier
🍽️ 19:00–20:00 – Matservering og mingling
😂 20:00–21:00 – Standup med Raymod Falldalen
🎶 Etter 21:00 – Musikk, DJ og god stemning
For bedrifter:
Bli med og vis fram moglegheitene i Vik! Kanskje møter du framtidas jobbkandidatar?
🏢 Dette får bedrifter:
✅ Standplass for å vise fram jobbmoglegheiter
✅ Moglegheit til å spele inn ein 1-minutts video i forkant, der de viser fram arbeidsplassen og fortel kort om kva de gjer
✅ God tid til mingling og prat
✅ Bedriftsbingo! Deltakarane skal samle stempel eller svare på spørsmål om bedriftene – fullt bingobrett = lodd i premieuttrekking
💡 Framtidsfylket sine beste tips for ein god stand:
⭐ Engasjerte folk! Send dei som er stolte av jobben sin – dei beste ambassadørane dine!
⭐ Planlegg! Kva vil de vise fram? Eit nytt produkt, eit kult prosjekt eller arbeidskvardagen?
⭐ Tenk framover! Har de ikkje ledige stillingar no? Fortel om kva de vil trenge framover – sommarjobbar, trainee-stillingar eller anna.
⭐ Ver imøtekommande! Vis interesse, ta kontakt, og inviter folk vidare inn i bedrifta.
💰 Pris for bedrifter: 500 kr per stand (bidrar til underhaldninga for publikum).
👉 Meld deg på i dag – vi gler oss til å sjå deg på Påsketreff i Vik! 🐣

Studietur: Lær meir om industriell symbiose
Bli med til Danmark og lær av dei fremste industriparkane innan industriell symbiose
Luster kommune, Sogn Næring, Sogn Biohub og Sognefjorden Næringshage ynskjer å invitere til studietur med tema industriell symbiose Vi skal besøke to av dei fremste industriområda innen tema, for å lære korleis dei arbeide med sirkulariotet og industriell symbiose. Målet er at aktørar frå Sogn skal ta med seg ny kunnskap, inspirasjon og kontaktar. Vi skal motivere til samarbeid mellom aktørane i Sogn så vi saman bygge regionen vår som ein leiande aktør innan grøn industri.
Den første aktøren vi skal besøke er Kalundborg Symbiosis. Kalundborg er verdensledande innan industriell symbiose. Asnæs kraftverk leverer damp til Statoil-raffineriet, som dekkjer 40 % av raffineriet sitt dampbehov. I byte mottar kraftverket avfallsgass frå raffineriet, som blir brukt til å produsere elektrisitet og damp. Denne dampen blir også distribuert til Novo Nordisk og eit fjernvarmesystem som forsyner 3500 bustader.
På dag to går turen vidare til GreenLab. Dei er lokalisert i Spøttrup og skal installere et 100 MWh varmelager fra Rondo Energy, som lagrer varme fra en nærliggende 84 MW hybrid vind- og solpark. GreenLab utforsker også bruk av spillvarme til bio-olje, -gass og -kolproduksjon med Organic Fuel Technology. Danish Marine Protein omdanner sjøstjerner til økologisk dyrefôr ved hjelp av overskuddsvarme. Den industrielle symbiosen bidrar til energieffektivitet og lavere miljøpåvirkning.
PROGRAM
TYSDAG 22.APRIL
15:15 Fly Haukåsen - Oslo
17:15 Fly Oslo - København
18:25 Ankomst København
- Innsjekk Scandic Norreport
20:00 Felles middag
ONSDAG 23.APRIL
07:00 Frukost
08:00 Avreise til Kalundborg
10:00 Omvisning Kalundborg Symbiosis
12:30 Lunsj
13:30 Avreise til Odense
15:00 Innsjekk City Hotel Nattergalen
15:30 Internt arbeid i gruppa
17:00 Eigentid
19:00 Felles middag
TORSDAG 24.APRIL
07:00 Frukost
08:00 Avreise til GreenLab
10:30 Presentasjon
11:30 Lunsj
12:30 Omvisning
15:30 Avreise til Billund flyplass
18:40 Fly Billund-Oslo
- Middag på Gardermoen
21:05 Fly Oslo - Haukåsen
TRANSPORT
Kvar deltakar er sjølv ansvarleg for å booke fly. Det blir felles transport med minibuss fra onsdag til torsdag.
Anbefalt reise:
Haukåsen - Oslo WF156
Oslo - København SK1465
Billund - Oslo SK1902
Oslo - Haukåsen WF149
OVERNATTING
Det er reservert hotellrom begge dagane som deltakarane betalar ved utsjekk. Scandic Norreport og City Hotel Nattergalen.
KOSTNAD
Pris per deltakar er 12 000,- Dette inkluderar hotell, fagleg innhald, felles buss, lunsj og middag over to dagar. Deltakarane bestiller og betalar sjølv for fly.
Målbedrifter i Sognefjorden Næringshage får 50% rabatt på reise og opphold. Ta kontakt med Karoline for spørsmål om turen eller målbedriftsavtale på karoline@sognnaring.no
PÅMELDING

Styrekurs
For at du skal kunne ha dei nødvendige kunnskapane og ferdigheitene som trengst inn i eit styre, arrangerer vi saman med Advokatfirmaet Tollefsen styrekurs


Inspirasjonslunsj på Sirkulærdagane ved HVL
HVL Skape og Sogn Næring inviterer til smakfull lunsj og inspirerande presentasjonar i sirkularitetens teikn. Sammen vil vi ete og lytte oss gjennom dagen og forhåpentlegvis bli litt klokare på korleis berekraft innan mat og tekstil kan sjå ut.
Takk til Eigargruppa Campus som også har bidrege med midlar slik at vi kan servere endå meire mat!
KVA SKJER?
Lunsjen startar med ein herleg buffé laga av overskotsmat frå SmakeMeir. PS: Førstemann til mølla! Lise fortel om korleis dei jobbar med berekraft og redusert matsvinn.
Kort om gründerarbeidet til HVL Skape og Sogn Næring
Bøthun Gard vart Årets Lokalmatgründer 2024. Den lokale gründeren Mathilde vil snakka om "å skapa kontakt mellom dei som dyrkar maten og dei som et han, og om å bruka alle ressursane i ein grønsaksåker"
Jørn frå Simas vil snakka om "utsortering av tekstil og dela innsikt frå dagens situasjon"
Tekstildesignaren Estelle Bourdet driv med kreativ gjenbruk kreativ gjenbruk der ho lagar teppe og kunst av mellom anna klatretau. Ho kjem for å fortelja meir om dette og korleis ho starta si eiga bedrift.
Sogn Næring om "Korleis Sogn Sirkulære Biohub kan bidra til industriell symbiose i Sogn."
KVAR?
Biblioteket i 4.etg på Høgskulebygget.
NB: Det er bestilt ein mengde med mat, så kom tidsnok for å sikre deg ein deilig matbit fra SmakeMeir! Heilt gratis

Seminar: Cider & Food pairing
Sogn is rapidly emerging as a region for cider production, with twelve producers crafting a wide variety of ciders across five distinct styles. The cider producers of Sogn are delighted to invite professionals from the hospitality industry to a one-day cider experience. On this excursion we will be diving into the world of cider and how the ciders from Sogn can be paired with food.
While local food concepts are well-developed and many restaurants emphasize the origin of their ingredients, the same attention has not yet been given to local beverages. There remains a knowledge gap within the regional hotels and restaurants on how to pair cider with food.
This seminar aims to bridge that gap by educating chefs and sommeliers from the region’s hotels and restaurants on the richness of Sogn’s cider tradition.
Gain understanding of cider and food pairing and learn how to incorporate local ciders into your menus. Ultimately enriching the dining experience for both residents and tourists. Meet the local cider producers, and get to know colleagues in the hospitailty industry in Sogn.
Visitors to Norway should not only experience the flavors of local cuisine but also the depth of our cider culture, which is rooted in fruit farming traditions unique to Sogn.
- Tuba Ardic, Ciderhuset
Who is this seminar for?
Chefs, sommeliers and waiters from hotels and restaurants in Sogn.
Price: 850kr per person (including lunch, transport, cider makers dinner, cider tastings and farm visits)
Who is inviting?
The seminar is organised by the food and drink-network in Sognefjorden Næringshage, toghether with Visit Sognefjord and Sogn frukt- og siderlaug.
Tuba and Gard at Ciderhuset will be our hosts for the seminar at Ciderhuset. You will also meet several other cider producers from around Sogn.
A One-Day Exploration of Cider & Gastronomy in Sogn
📅 Date: Sunday 23. mars
📍 Locations: Sogndal – Amble Gård – Ølmheim Siderhage – Balestrand
Program
11:50 - Meet at Sogndal skysstasjon
Everyone meet at Sogndal skysstasjon before we drive to Amble gård. There is parking avaliable for those who need it, and it is free on sundays.
12:00 – Departure from Sogndal Skysstasjon
Meeting point: Sogndal skysstasjon
Transport by minibus (16 seats available + driver)
12:15 – Meet the cider maker at Amble Gård
Introduction to Amble Gård’s cider philosophy and production methods
14:00 Departure from Amble Gård
You will get a packed lunch from Lustrabui in the taxi. Those who are driving their own car get it before leaving Amble gård.
14:30 Meet the cider makers at Ølmheim Siderhage
Meet the producucers, Sigrid and Endre. Introduction to Ølmheim’s cider-making techniques and their story
16:00 – Departure from Ølmheim siderhage to Balestrand
17:00 – Seminar at Ciderhuset
Presentation on the Sogn fruit & cider guild: Insights into the regional cider industry, get to know some of the producers
How to create a cider menu: Tips for pairing cider with food in restaurants
Introduction to Ciderhuset & Balholm: History, production, and philosophy
Introduction to Odelsgut: From 0 to 100 in five years
18:30 – Cider makers dinner
Curated dinner at Ciderhuset led by chef Tuba Ardic, with assistance from Tonje Torvanger
Tasting different ciders alongside specially prepared dishes
Interactive session: testing various cider pairings with food
21:20 – Return by minibus
Transport by minibus back to Sogndal and Luster. Ferry from Dragsvik to Hella at 21.20 (22.00 from Hella to Dragsvik for those continuing to Vik or Myrkdalen). Arrival Sogndal around 22:40.
About the Network for food- and drink professionals in Sogn
This seminar is the first in a series of events for food-professionals and chefs working in Sogn.
The initiative for the network comes from the project food-and drink experiences in Sogn. The aim of the project is:
recruite more people to work in the food and hospitality business
to create a social and motivating community with room to educate and learn from each other
build relations between farmers and producers of food and drink in the region, and the professionals working in the hospitality business
Project manager: Sigrid Skjerdal, Sogn Næring/Sognefjorden Næringshage
Project owners: Lerum, Norways Best, Fjærland fjordstove hotell, ViteMeir, Sogndal vidaregåande skule
Key partners: Visit Sognefjord, Matarena, Sogn frukt og siderlaug
Thanks for to everyone contributing to make this happen! Sparebankstiftinga Sogn og fjordane, NHO Reiselivs Utviklingsfond

Frukostmøte: Reiselivsutvikling og besøksbidrag
Velkomne til frukostmøte om reiselivsutvikling med Venstre i Sogn!
Velkomen til frukostmøte 21.mars, kl. 8.30-11. I Sogndal, Høgskulebygget i auditoriet Storen.
Påmelding innan 19.mars, via Sogn Næring
Sognefjorden er blant Noregs mest besøkte reisemål og skaper store lokale verdiar, men også utfordringar. Kva er status for reiselivsutviklinga? Korleis styrke berekraftig utvikling av verksemder, reisemål og stader å bu? Kva betyr besøksbidrag for reiselivet i Sogn?
I møtet deltek stortingsrepresentant Alfred Bjørlo. Alfred ønskjer status frå Sogn og innspel til Stortingets behandling av forslaget til besøksbidrag.
Kl. 08.30 Kaffi og matbit
Kl. 09.00 Velkommen!
Kl. 09.10 Sognefjorden som reisemål: status og framtidsutsikter ved Heidi Hauge, Visit Sognefjord
Kl. 09.30 Gode stader å besøka og bu: strategiar og tiltak i kommunane, ved Yngve Hallen, Sognarådet
Kl. 09.50 Beinstrekk
Kl. 10.00 Besøksbidrag – forslag og behandling i Stortinget
Innleiing ved stortingsrepresentant Alfred Bjørlo
Innspel frå Bakka camping ved Olav Magne Dyrdal og Fjærland fjordstove ved Inna Jordal
Open drøfting
Kl. 10.50 Oppsummering
Kl. 11.00 Takk for deltakinga, vel heim!
Innlegg frå Visit Sognefjord, verksemder, kommunar med fleire. Innspel besøksbidrag
Frukostmøtet vert arrangert av Venstre i Sogn, med deltaking frå Sogn Næring, Visit Sognefjord og HVL.

Studietur til England med Sogn frukt- og siderlaug
The Ciderologist, Gabe Cook tek oss med til sine favorittar blant sider- og perryprodusentar i regionen. Det blir god mat i samspel med god drikke, og mykje god inspirasjon å ta med heim til Sogn.

TeknoJentedag på ViteMeir
Velkommen til TeknoJentedag for jenter frå ungdomsskolane og VG1 i Sogn!
Prosjektet Teknojenter inviterer unge jenter (ungdomsskule og VG1) i Sogn til ein spennande teknologidag på ViteMeir 7. mars 2025 kl. 10.00–14.30.
Teknologifag spelar ei nøkkelrolle i næringslivet i Sogn, og behovet for teknologikompetanse er aukande. Skal me sikra verdiskaping og omstilling i det digitale og grøne skiftet, treng me at fleire unge – spesielt jenter – vel teknologirelaterte utdanningar og yrke.
For å møta denne utfordringa, har eit sett aktørar i Sogn drege i gang rekrutteringsprosjektet “Teknojenter”. Prosjektet er leia av Vestlandsforsking, og i tillegg er det med store verksemder og nøkkelaktørar frå heile Sogn. Målet er å utvikla gode praksisar som motiverer jenter til å velja teknologifag, og dermed bidra til auka mangfald og inkludering i teknologibransjen. Meir om prosjektet TeknoJenter kan du lese hjå Vestlandsforsking her.
Praktisk informasjon:
Målet med denne dagen er å dykka djupare ned i kva som motiverer jentene til å velja teknologifag, og gje dei inspirasjon og meistring gjennom dagen. Det blir inspirasjonsføredrag med kvinnelege rollemodellar, stasjonar med praktisk, teknologi-basert moro og høve til både testing og meistring. Me vil gjennom dagen samla inn svar frå jentene sjølve på spørsmålet «Kva vil motivere deg til å gå for ei teknologiutdanning?»
Målgruppa er ungdomsskulejenter og VG1-jenter. I tillegg oppmuntrar me til deltaking frå lærarar, rådgjevarar og gjerne foreldre, som kan vere ein viktig heiagjeng rundt jentene. (PS: me opnar opp for påmelding frå foreldre dersom plass etter påmeldingsfristen)
Elevane tek med eiga niste, elles er det mogleg å handle mat i SmakeMeir-kafèen.
OBS! Busstransport blir bestilt av skulane sjølv (Ingrid Bortne har informert Tide om at det vert litt ekstra trykk med bussar denne dagen).Skolane betaler bussfakturaen sjølv og sender deretter refusjonskrav for busstransport utan mva til Ingrid.Steine.Bortne@sogndal.kommune.no
Skulane melder på jentene og lærarar/rådgjevarar samla. NB: Frist for påmelding er 13. februar 2025.
Påmeldingsskjema for skulane:
Ved spørsmål om arrangementet, ta kontakt med Frida frå Sogn Næring, frida@sognnaring.no eller prosjektleiar Torunn Hønsi hjå Vestlandsforsking, tho@vestforsk.no
Påmeldingsskjema for foreldre:
Foreldre er ein viktig del av heiagjengen til jentene. Me har derfor opna opp for påmelding for foreldre. Meld deg på her viss du ønskjer å vera med på dagen:
Velkommen!
Helsing aktørane i prosjektet Teknojenter:
Prosjekteigar:
Vestlandsforsking
Finansiert av:
Vestland fylkeskommune
Aktørar:
Sogn Næring
Sogndal vidaregåande skule
ViteMeir
Høgskulen på Vestlandet
Årdal Utvikling
Årdal vidaregåande skule
Hydro
DigDir
Sogn Opplæringskontor
Sognarådet
Saman gjennomfører me workshops, utviklar pilotprosjekt og designar tiltak som har som mål å rekruttere fleire jenter til teknologifag.

Rekruttering i Vik - Fra utfordringar til løysingar
Påmelding finn de nedst.
📅 Dato: Torsdag 27. februar 2025
⏰ Tid: 19:00 – 21:00
📍 Stad: Blix Hotell
⚖️ Utfordring: Det er eit gap mellom det arbeidstakarar vil ha og det Vik tilbyr
🎯 Mål: Identifisere konkrete tiltak for å styrke bu- og blilyst i Vik kommune
Bakgrunn
Vik kommune har unike ressursar, eit aktivt næringsliv og sterke fellesskap, men står samtidig overfor utfordringar knytt til busetjing, rekruttering av arbeidskraft og vidareutvikling av næringslivet.
Korleis kan vi skape fleire moglegheiter for innbyggjarane, stimulere til vekst og sikre at Vik forblir ein attraktiv stad å bu og jobbe?
Dette arrangementet samlar næringsliv, offentlege aktørar, organisasjonar og innbyggjarar for å finne løysingar saman. Gjennom inspirasjonsinnlegg og ein interaktiv workshop skal vi identifisere konkrete tiltak som kan bidra til å styrke bu- og blilysta i kommunen.
Vi inviterer deg til å delta, dele dine perspektiv og vere med på å forme framtida for Vik!
Program
1️⃣ Velkomst og introduksjon (10 min)
2️⃣ Inspirasjon og erfaringar frå Viksdalen (15 min)
3️⃣ Workshop – Frå utfordringar til løysingar (60 min)
4️⃣ Oppsummering og vegen vidare (15 min)
Arrangeres av Sogn Næring, Highsoft og Vik Kommune
Gratis deltaking – bli med på å forme framtida for Vik!

Fjellpitch 2025
Har du ein knallgod idé du drøymer om å dela med verda? Kickstart gründer-karrieren din på Fjellpitch, og konkurrer om premiar til ein verdi av heile 80.000 kr!
Fjellpitch er ein konkurranse der du får pitche din beste gründeridé. På berre sju minutt må du formidle din idé og forhåpentleg overtala både jury og publikum om at ditt konsept er konkurransens beste. Blir du med som publikum får du ikkje berre høyra på inspirerande pitchar men også høve til å avgjera resultatet!
Påmeldinga er nå strengt, men vi vil gjerne ha deg med som publikum! Som publikum vil du få oppleve eit inspirerande og intenst arrangement med mogelegheit til å stemme fram din favoritt! Du treng ikkje festivalpass til Fjellsportfestivalen for å bli med.
Dei beste pitchane er med å konkurrere om følgande prisar:
Årets Fjellpitch: Juryens favoritt stikk av med ein pengepremie på heile 40.000kr frå Sparebanken Vest, rådgivingstimar frå PwC til ein verdi av 10.000 kr, og rådgivingstimar frå Gasta til ein verdi av 5.000 kr.
Studentprisen: Den beste studentbedrifta stikk av med 10.000kr i cash frå HVL Skape si tidlegfasefinansiering.
Publikumsprisen: Kva pitch liker publikum best? Det blir live avstemming, så her gjeld å dra med seg vennegjengen slik at ein får inn så mange stemmer som mogleg! Vinnaren stikk av med ein pengepremie på 10.000kr frå Sparebanken Vest, helgepass i Sogndal Skisenter, billett til Innovasjonsdagen 2025 og rådgivingstimar frå Gasta til ein verdi av 5.000 kr.
Og det beste av alt? Er du student, har den beste idéen og blir ein publikumsfavoritt? Ja da kan du gjere storeslem og stikke av med alle prisane!!
Det er viktig å understreke at Fjellpitch er eit lågterskelarrangement, der alle med ein forretningsidé kan melde seg på. Om du ikkje er den som vinner premien for beste idé, er sjansen stor for at du sit igjen med ein god erfaring og nyttige tilbakemeldingar på din idé.
Det er ikkje uvanleg at ein er usikker og nervøs på om idéen sin er god nok. I denne pitchekonkurransen søkjer du om påmelding, og dersom du får moglegheit til å delta i konkurransen, vil du få rådgjeving og hjelp til å utvikle ein god pitch til idéen din.
Om du sitter med ein idé du kunne tenke deg å få «ut der», hiv deg ut i det og meld deg på! (PÅMELDINGEN ER STENGT)
I fjor vann Knut Olav Ekeberg med Sprøytejournal! Les meir om fjorårets arrangement her
Program:
1500: Velkommen
1510: Fjorårets vinnar Knut Olav Ekeberg fortell om si grunderreise
1520: Pichekonkurranse
1720: Pause
17:30: Kåring av vinnarar!
18:00: Mingling og pizza for deltakarene
Fjellpitch blir arrangert av Kunnskapsparken Vestland, HVL Skape og Sogn Næring som ein del av Fjellsportfestivalen i Sogndal.
Arrangementet er på Quality Hotel Sogndal kl 1500-1800 torsdag 20. februar 2025. Du treng ikkje festivalpass på Fjellsportfestivalen for å delta eller sjå på Fjellpitch. Retningslinjer for deltaking finn du her.
Fjellpitch 2025 hadde ikkje vore mogleg utan dei fantastiske samarbeidspartnarane våre.
Sparebanken Vest, PwC og Gasta

Lunsj med påfyll: Amfi Sogningen
Detaljhandelen er i endring – og Amfi Sogningen er med på utviklinga! Bli med på ein spennande «Lunsj med påfyll» der vi får innsikt i både framtidsplanane for senteret og dei nyaste trendane i handelen.
Amfi Sogningen er i gang med ei oppgradering, og no får du høve til å sjå kva som er planlagt fram mot våren. Kva skal fornyast? Korleis vil senteret sjå ut etter oppussinga? Og kva betyr dette for butikkane og kundane?
I tillegg vil vi få eit innblikk i trendar og utvikling i detaljhandelen. Kva påverkar kjøpsmønsteret i dag? Korleis tilpassar butikkar og kjøpesenter seg endra forbrukarvanar?
Dette blir ei lærerik og inspirerande lunsjstund for alle som er interesserte i næringsutvikling og handel i regionen.

Einsamt og håpefullt hus søkjer driftig partnar
Er det deg (eller dykk) eg ser etter? Eg er Bondevikhuset. Eit gamalt, ærverdig, men framleis sprekt hus midt i sentrumsparken i Sogndal.
Omgitt av frukttre, grøne plenar og leikande born, drøymer eg om nokon som vil fylle meg med liv, lukta av nybakte kanelbollar og lyden av gode samtalar over ein kopp kaffi.
Du treng ikkje like turar i skog og mark. Det er ein fordel om du likar det gode liv på terrassen, kunst på veggane eller å skape noko med hendene. Eg drøymer om å dele tida mi med nokon som likar å lage møteplassar for folk som ikkje har det frå før."Kanskje du ønskjer å hjelpe andre ut i arbeidslivet ved å tilby dei jobb hos meg? Eg har ikkje dobbeltseng og eigen sjark. Men eg har eit kjøken, store vindauge, mykje husrom og sjel. Det er lett å tenke at vegen til hjartet mitt går gjennom nybakte bollar. Men eg let meg gjerne overraske og overbevise om nye, spennande påfunn.
💌 Bill.mrk: Alle som er interesserte i å opprette kontakt, er velkomne på besøk på Bondevikhuset 11. februar klokka 16.00-18.00 til eit uforpliktande første møte for bli betre kjende.
Sogn Næring, Sogndal kommune og andre engasjerte folk stiller opp, delar informasjon og svarer på det du måtte lure på om huset, leige og konseptutvikling.
Idèen din treng ikkje vere ferdig tenkt eller teamet ferdig spikra. Kanskje møter du nokon du vil lage konseptet saman med.
Meld deg på her:

Praktisk info for nytilsette på Caampus
Er du ny på Campus? Vil du vite meir om tilboda her og kven andre som held til på området?
Bli med oss for ein triveleg pause med sveler og nyttig informasjon! Vi gir deg eit kort innblikk i kva for tilbod du som arbeidstakar kan nyte godt av her på Campus, spennande arrangement som er på gang, og kva bedrifter som held til her – inkludert kvar du finn dei. I tillegg deler vi planar for framtida og tips til korleis du kan finne fram.
Visste du til dømes at det er gratis crossfit-trening kvar onsdag for alle som jobbar på Campus? Dette og mye meir får du vite om
Tid: Onsdag kl 1300-1330
Stad: Innovasjonsbygget andre etasje
Kven: Opent for alle som har kontorplass på Campus

AVLYST: Frukostprat Rindabotn: Employer branding og karriereklatring med ski på bein
Frukost blir servert kl 0800-0830
Faglig påfyll 0830-1000
Vi sparkar i gang årets første Frukostprat – og kva betre stad å gjere det enn i skitrekket? Målet vårt er å løfte fram det gode arbeidslivet her i Sogn, ikkje minst korleis jobben kan kombinerast med ein aktiv og innhaldsrik fritid.
Tenk deg dette: Eit fagleg frukostmøte der du kan knyte nettverk, lære noko nytt – og samtidig har alle deltakarane på seg skiklede, klare til å ta ein tur i bakken etterpå. Kanskje det kan telje som trening i arbeidstida?
Kor kult hadde det ikkje vore om vi kunne fått ein artikkel som lød: "I Sogn møter dei opp på frukostmøte i skiklær"! Er ikkje dette definisjonen på ein fantastisk stad å bu og jobbe, så veit ikkje vi.
Og om ikkje det er nok: Vi har også med oss dyktige og inspirerande foredragshaldarar som vil dele innsikt og erfaringar du ikkje vil gå glipp av.
Employer Branding – Innsikt og strategi
André Bjørkhaug, seniorrådgjevar hos Dfind, deler innsikter frå Randstad sine HR-undersøkingar og Employer Branding-rapportar. Han tar for seg kva krav og forventningar dagens arbeidstakarar har, og korleis bedrifter kan tiltrekke og behalde kvalifisert arbeidskraft i eit stadig meir konkurranseutsett arbeidsmarknad. André gir også praktiske eksempel på korleis ein kan bygge ein attraktiv bedriftskultur som appellerer til ulike generasjonar og fremmer trivsel og produktivitet på arbeidsplassen.
Arbeidsliv og karriere i distrikta – mytar og realitetar
Kristin Løseth og Daniel Furberg frå Vestlandsforsking presenterer funn frå rapporten "Arbeidsliv og karriere i Sogn og Fjordane." Rapporten gir innsikt i kvifor karriereutvikling kan vere raskare i distrikta enn i byane, blant anna gjennom breiare arbeidsoppgåver, tettare band til leiinga og større ansvar. Forskarane ser også på utfordringane, som færre alternative arbeidsplassar og små forhold som kan skape utfordringar i arbeidsmiljøet. Dei deler praktiske råd til arbeidsgjevarar om korleis ein kan legge til rette for både karriereutvikling og trivsel i distriktsarbeidslivet.

Pitchekurs
Pitchekurs med HVL Skape og Sogn Næring
Har du ein gründeridé du vil selja inn? Eller kanskje du vil imponera i eit jobbintervju, presentera eit prosjekt, eller overtyda nokon om ei løysing? På dette kurset tek me deg gjennom stega for å få til ein god pitch, før du sjølv får prøva deg på å pitche! 🚀✨
Bli med på pitchekurs med HVL Skape og Sogn Næring
Kurset krev ingen forkunnskapar og er heilt gratis. Det blir servert mat og drikke frå Saman, registrer deg her innan måndag 27. januar for å få mat.
Når: 29. januar 16:00. Vi rekner med vi held på til ca. 17.30
Kvar: På Læringslaben (På Høgskulen, i etasjen rett over Idrettssenteret, inn gangen forbi GG Sogndal). Sjå mazemap her
Dette kurset er også ei perfekt førebuing til Fjellpitch, som blir arrangert under Fjellsportfestivalen! Der kan du konkurrera om fleire prisar, der førstepremien gir ein premie til verdi av 50 000 kr til utvikling av ideen din.💡

Lunsj med påfyll: Truelink - robot og kunst
Velkomen til vår neste Lunsj med påfyll, der vi får besøk av ein ung gründer som tek teknologi og kreativitet til nye høgder!
Kornelius Haugen (20) er dagleg leiar i Truelink AS, eit selskap som spesialiserer seg på design og robotteknologi. Kornelius har saman med faren og bestefaren gått saman om ei storsatsing på robotar for presisjonsarbeid.
Med investering i ein toppmoderne robot utvikla i Italia, står dei klare til å skape unike løysingar for utsmykking, landskapsarkitektur og andre spesialoppdrag. Robotteknologien representerer noko heilt nytt for regionen og kan bidra til å gjere Fjærland til ein spennande stad for innovasjon og skaparkraft.
På lunsjen vil Kornelius dele erfaringar om korleis ideen vart til, og planane for Truelink AS framover, inkludert korleis dei ønskjer å vekse og bidra til å styrke lokalsamfunnet.
Velkommen til Lunsj med påfyll!

Kickoff: Reiseliv i Vik
Om nokre månadar kjem turistane attende til sogn og Vik. Kva moglegheiter for nye tilbod og arbeidsplassar er det? Ein nettverkskveld for alle som er interesserte og engasjerte i utviklinga av reiselivet i Vik.

Lunsj med påfyll: Flyyt Guiding
Lunsj med påfyll: Vetle Dirdal og historia bak Flyyt Guiding og Sognasnøen
Vi får besøk av Vetle Dirdal – gründer, skivegleiar og mannen bak Flyyt Guiding og Sognasnøen Her får du eit innblikk i korleis han har kombinert lidenskap for fjell og snø med lokal kunnskap for å skape noko heilt spesielt i laussnøparadiset Sogn.
Om Flyyt Guiding
Flyyt Guiding er eit lokalt guidefirma som prioriterer tryggleik, skiglede og fantastiske skiopplevingar i høg kvalitet. Ved hjelp av lokalkunnskap, erfaring og kompetanse finn Flyyt Guiding den beste og tryggaste snøen i det mest spennande terrenget Sogn kan by på. Dei dyktige guidane har høg utdanning og kvalifisering, noko som sikrar ei trygg og minneverdig oppleving for alle deltakarane.
Kva får du høyre?
Vetle Dirdal vil dele historia bak Flyyt Guiding og Sognasnøen – frå inspirasjonen og motivasjonen bak prosjekta, til utviklinga av dei til viktige bidrag for reiselivet og opplevingsnæringa i Sogn. Foredraget gir eit innblikk i korleis kunnskap om snø og lidenskap for fjella kan bli ein berekraftig del av lokal verdiskaping.
Praktisk informasjon:
Tid: 1130
Stad: Innovasjonsbygget andre etasje
Pris: gratis
Ta med lunsjen din og bli med på ein inspirerande samtale om fjell, snø og skiglede
Velkomen til ein lunsj full av påfyll!




Frukostmøte og kick-off for Berekrafts-Nettverk Sogn
Velkommen til frukostmøte og kick-off for berekrafts-nettverket Sogn. Denne fredagen skal vi se nærare på korleis vi kan jobbe mot ei meir berekraftig framtid, og kva for forventningar og krav som ligg framfor oss.

Nettverkstreff HR
Påmelding finn de nederst på sida
Velkomen til årets siste HR-samling! Gjennom året har vi utforska aktuelle tema som kunstig intelligens i rekruttering, LinkedIn-kurs og workshops. Denne gongen skal vi gå endå djupare og sjå på korleis nokre av dei store bedriftene her i regionen, saman med næringsapparata, jobbar med merkevarebygging og mangfald i rekrutteringsprosessen.
Vi er heldige som får besøk av representantar frå Framtidsfylket, Norconsult og NAV, som vil dele sine erfaringar og perspektiv. Opplegget vil gå føre seg frå klokka 09:00 til 12:00, og for dei som ønskjer å forlenge samlinga, vert det tilbod om lunsj i kantina etterpå. Lunsjen er frivillig, og ein betalar sjølv.
Stad og tid
HVL Sogndal
Stadt 2. etg i høgskulebygget
0900-1200
Program
0900 - Bård Basberg fra Sogn Næring forteller om profil og merkevare prosjektet
0930 - Digdir snakkar om korleis dei jobber aktivt med rekruttering
1000 - Pause
1015 - Framtidsfylket snakkar om korleis dei jobber aktivt med rekruttering
1030 - NAV snakkar om korleis dei jobber aktivt med rekruttering
1100 - Norconsult snakkar om korleis dei jobber aktivt med rekruttering
1130 - Diskusjon og lunsj

Vik: Inspirasjonskveld for landbruket - mat, drikke og reiseliv som tilleggsnæring
Velkommen til inspirasjonskveld for landbruket i Vik! Bli inspirert av andre som har satsa på gardsturisme eller mat- og drikke av eigne ressursar. Og ikkje minst kjem Gamalostbudeia med ein ekte hyllest til osten.

While1Create nettverkstreff
Velkomen til eit nytt treff i nettverket While1Create. Denne gongen går turen til Leikanger, der vi skal besøke Statsforvalteren. Inne hos Statsforvalteren får vi høyre frå Adrian Vigdal om korleis dei jobbar med sikker koding, både spesifikt for deira eigne behov og meir generelt. I tillegg vil vi få ei spennande innføring i RPA (robotisert prosessautomatisering), som kan gjere kvardagen enklare og meir effektiv.
Dette er ein flott sjanse til å lære meir om trygg programmering og automatisering, og ikkje minst til å knyte nye kontaktar i nettverket vårt.
Program:
12:00 – Mat og mingling
12:30 – Sikker koding med Adrian Vigdal
13:00 – Robotisering
13:30 – Moglegheit for deltakarane å presentere noko frå eigen bedrift
14:00 – Spørsmål og avslutning
Vi gler oss til ein lærerik og inspirerande dag på Leikanger!
Har du noko du har lyst å presentere eller snakke om har vi ein halvtime ledig i programmet. Ta kontakt med Henrik (henrik@sognnaring.no) så set vi deg opp i programmet.

Næringspub Vik
Velkomen til næringspub i Vik!
Saman med Vik Næringssamskipnad inviterer vi til næringspub på Blix! Det blir gratis pizza, spennande historier, og kanskje eit høve til å forme framtida til regionen vår!

Lunsj med påfyll: Korleis utvikle lokalsamfunn?
Noreg har eit stort behov for arbeidskraft, samtidig som det såkalla utanforskapet er stort – og blant nokre grupper også aukande.
Utviklinga av gode og trygge lokalsamfunn krev ei heilskapleg tilnærming, der ei lang rekke ulike aktørar samarbeider – som næringsliv, skule, frivillige- og ideelle organisasjonar, akademia, og fleire. I sentrum står ei felles forståing av kva samfunn ein ønskjer seg.
Tverrfaglig.no er ein sosial innovatør som jobbar med å styrke samarbeid på tvers av sektorar og faglege disiplinar. Nedbryting av siloar, auka forståing for andre aktørar og eit langsiktig perspektiv utover eigne kjerneoppgåver er sentralt.
Denne onsdagen kjem Anders fra Tverrfaglig.no. Dei jobbar blant anna med lokal samfunnsutvikling og kjem til oss for å prate om akkurat dette.

Lokal studietur til siderprodusentar i Sogn
Driv du med frukt, og er nysgjerrig på siderproduksjon? Bli med på lågterskel kortreist studietur i Sogn! Vi besøker tre produsentar som satsar på sider.


KI - inspirasjonslunsj
HVL Skape arrangerer ein KI-inspirasjonslunsj på Campus Sogndal under AI-temaveka til Læingslaben! (opent for alle)
Lunsjen er fysisk på Læringslab campus Sogndal. Meld deg på her: https://forms.office.com/e/iAAgpLSeDd

Økonomidagen Sogn Høst 2024
Vi gjentek suksessen - Eit bransjetreff innanfor økonomi og administrasjon. No i haust! Er du ei bedrift i Sogn som er gira på å bli kjent med framtidas jobbkandidatar? Denne dagen er for dykk!

Lunsj med påfyll: Historia bak boka Toppturar i Sogn med Andreas Haslestad
Co-forfattaren av boka Toppturar i Sogn, Andreas Hasslestad, deler historia bak boka som har blitt ein favoritt blant toppturentusiastar i Sogn.

Studietur: Konseptutvikling, kultur og leiing i Kalvåg
Næringshageprogrammet i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord inviterer til felles studietur til Knutholmen i Kalvåg. 28. - 30. oktober.