For andre år på rad arrangerer vi Campusløpet i Sogndal! Onsdag 18. oktober utfordrar vi bedrifter i Sogndal til å springe for årets TV-aksjon. Årets innsamling går til Redd Barna og deira arbeid med å hjelpe barn ramma av krig og konflikt.
Løpet blir som følger:
Bedrifter donerer ønsket beløp på spleis. Ei runde kostar 250kr. Totalt tal rundar blir fordelt på dei ulike bedriftene som er påmeldt. Rundene kan man gå, jogge, løpe eller krabbe, det viktige er at næringslivet stiller opp om ei god sak :) Vi sett opp løypa rundt campus, og 18 oktober samlast vi og tar rundene saman. Dersom du ikkje har moglegheit til å stille den dagen så kan ein ta rundene når det måtte passe!
Slik blir du med:
Steg 1: Meld på di bedrift her
Steg 2: For å bli med donera du ynskja beløp på Spleis. Ei runde kostar 250,-, du veljer sjølv kor mange rundar du ynskje å kjøpe. Kjøpte runder blir fordelt på påmeldte bedrifter.
Steg 3: Møt opp 18 oktober klokka 14:00 utanfor SAMAN kafeen på Fosshaugane Campus! Bedrifta kan fritt fordele rundene mellom tilsette, og deltakarane bestem sjølv om de vil jogge, sprinte eller gå:) Velkommen!
PS. Det blir ein ekstra påskjønning til raskaste kvinne og raskaste mann på stravasegmentet!