Tilbake til alle arrangementer

Fagdag: frå gard til marknad

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Driv du med, eller lurar du på å byrje med produksjon av mat eller drikke med råvarer frå Sogn? Denne fagdagen går i djupna på matproduksjon på og frå eigen gard.

Kompetansenettverket for lokalmat Vest inviterer saman med Næringshageprogrammet i Sogn til denne fagdagen for produsentar. Programmet er sett saman av to bolkar; produksjon og salskanalar/marknad.

Det blir konkret fagleg innhald om trygg og bra mat- og drikkeproduksjon med aktørane som kan felta best. Lokale aktørar deler sine erfaringar om alt frå produksjon til salgskanalar. Sjølvsagt blir det gode pausar med tid for sosialisering, og god mat. Dette passar både for deg som er erfaren, og deg som er ny innan mat- og drikkeproduksjon.

Vi har med innleiarar frå Nofima, Mattilsynet, Animalia, Sognefjord Kaffibrenneri, Balholm, PwC, Undredal Stølsysteri, Sogn Næring og Kompetansenettverk lokalmat Vest.

Stikkord er: Målgruppe, råvarekvalitet, haldbarheit, merking, prøvetaking n5, emballasje, likviditetsbudsjett, salskanal, om å nå målgruppa - ja og så kva ein ikkje kan reklamere med (alkohol).

Det er mogleg å delta på delar av programmet om ein ikkje har høve til å vere med på heile.

Vi gler oss til ein matnyttig dag, men ny kunnskap for å lukkast i marknaden og nye kjennskap i næringa.

Når: 23. oktober, 10:00-17:00
Kvar: ViteMeir, Kaupanger
Påmelding: Fagdag - frå gard til marknad | Sogn Jord- og Hagebruksskule (letsreg.com)

Program

Bolk 1: - Næringsmiddelfagleg påfyll

10:00-12:30. Vi djupdykkar inn i det tekniske med å produsere mat og drikke av råvarer du hentar lokalt. Nokre stikkord er holdbarheit, merking av næringsmiddel, ph og vatn, emballasje.

  • Merking av næringsmiddel og internkontroll (HACCP)- matforskingsinstituttet Nofima v/Cecilie Klippe

  • Vatnkvalitet, prøvetaking og målgruppe - Mattilsynet, Ann Karin Nes og Grete Mollan Breisnes

  • Holdbarheit og råvarekvalitet - Animalia, Stefania Gudrun Bjarnadottir

  • Erfaringsdeling: Sognefjord Kaffibrenneri si emballasjereise - Kjetil Russenes, Sognefjord kaffibrenneri

Lunsj på SmakeMeir: 12:30-13:15.

Bolk 2: Likviditet og marknad

13:15-17:00. Når du har eit ferdig produkt skal det ut til kunden. Vi går inn i likviditetsstyring, korleis byggje gardsbutikken, lukkast med nettbutikken, segmentering av marknaden og korleis legge til rette for ein god miks av produkt.

  • Likviditetsstyring - Pwc, Therese Gjerde

  • Segmentering og målgrupper - Kompetansenettverk for lokalmat, Aud Slettehaug

  • Erfaringsdeling: Direktesal på marknadar, Undredal Stølsysteri, Anna Karine Marstein

Pause: Ca 14:30-15:15

  • Nettside og nettbutikk - Sogn Næring, Bård Basberg

  • Erfaringsdeling: Balholm og Ciderhuset, Eli Grethe Høyvik

  • Panelsamtale: Korleis selge produkt inn i restaurant og hotell? Sogn Næring, Sigrid Skjerdal, Bård Huseby/Fjærland fjordstove m.fleir.

Det blir lunsj på SmakeMeir, sjølvsagt med lokale råvarer.

Tidligere arrangement: 16. oktober
Gründerkveld