Tilbake til alle arrangementer

Frukostmøte og kick-off for Berekrafts-Nettverk Sogn

  • Lægreids hotell Sogndal 3 Almenningen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Arrangementet er fullt

Velkommen til frukostmøte og kick-off for berekrafts-nettverket Sogn. Denne fredagen skal vi se nærare på korleis vi kan jobbe mot ei meir berekraftig framtid, og kva for forventningar og krav som ligg framfor oss. Frukosten blir servert frå kl. 07:45 til 0830 før vi tek med oss kaffekoppen og evt maten vi ikkje har fått spist opp inn på konferanserommet for å høyre om berekraft.

Program:

Lea Myklebust, Prosjektleiar berekraft, Kunnskapsparken Vestland

Lea startar morgonen med ei introduksjon til berekraft. Ho vil ta opp spørsmåla «Kva er eigentleg berekraft?» og «Kvifor skal vi jobbe med berekraft?», som set tonen for resten av møtet.

Ingvild Andersen, Rådgjevar, PwC

Ingvild held fram med temaet berekraftrapportering, og tek for seg intensjonen bak dei nye krava og kva desse inneber. Ho kjem inn på korleis det nye regelverket får ringverknader også utanfor dei rapporteringspliktige verksemdene, og kva som krevst framover.

Tord Dale, Leiar for bærekraft, Virke

Tord avsluttar programmet med eit innlegg om berekraftige strategiar for små og mellomstore bedrifter (SMB). Han vil dele innsikt i kva forventningar SMB-ar møter, og korleis dei kan jobbe strategisk for å integrere berekraft i drifta. Tord lover at det er mogleg å lage ein handlingsplan for bærekraft på ein time.

Forrige
Forrige
27. november

Nettverkstreff HR

Neste
Neste
12. desember

FUS Julebord