Ta med gjengen, og kjøp middag på Dampskipskaien etterfulgt av markering av den internasjonale kvinnedagen 8.mars! Dette blir ein inspirerande og motiverande kveld for både kvinner og menn, med eit spennande program og god stemning.
Vi har invitert med oss fleire inspirerande damer frå regionen vår som på sin måte stikk seg fram, tør å ta plass og stå for sine meiningar innanfor sine felt.
Kristin Rundsveen Bøtun, kommunalsjef samfunn, næring og kultur i Sogndal kommune
Heidi Kathrin Osland, dagleg leiar i arkitektkontoret 4B
Vibeke Johnsen, feminist, fredsaktivist og leiar i Sogndal SV
Emma Sundli-Härdig, student, gründer og klimaaktivist
I tillegg har vi fått med oss Inger Helgestad journalist i porten til å leie ein samtale med desse fire damene. Det blir mogleg å sende inn spørsmål både i forkant her, og undervegs i arrangementet. Alle som sender inne spørsmål kan bli heldig vinnar av eit lite gåvekort på kaia 😊
Arrangementet avsluttes 18:45, men markeringa vil fortsette utanfor kommunehuset i Sogndal fra kl.19:00, med appellar og kulturinnslag, før det heile avrundes med jentejazz i Blaoboksen. Sjå link til arrangementet her.