Onsdag 12. juni reiser me ut i heile Sogn for å finna ut kva folk syntest om å bu her. Undersøkinga er ein del av eit større profil- og merkevareprosjekt for heile regionen på oppdrag for Sogn kommunale oppgåvefellskap (Sogn KO). Me håpar at dagen kan hjelpa oss å kartleggja kva Sogn er for menneska som bur her, og kva som kjenneteiknar regionen vår.
Me set opp stand utanfor ulike butikkar og kjøpesenter, og me vil i løpet av dagen dekkja ni plassar i Luster, Årdal, Lærdal, Kaupanger, Aurland, Leikanger, Balestrand, Vik og Sogndal. Lokasjon og tidspunkt finn du under.
Målet med dagen er å treffa folk i heile regionen og kartleggja så mange meiningar som mogleg. Det vil også komme ei digital undersøking, der alle som ikkje har høve til å treffe oss på stand kan komme med sine synspunkt og meiningar.
Her møter du oss:
Sogndal – Sogningen – 1630-1830
Balestrand – Holmatun – 1300-1530
Leikanger – Saften – 1600-1800
Kaupanger - Extra - 1730-1900
Gaupne - Pyramiden – 1400-1600
Øvre Årdal – Årdalsenteret – 1400-1700
Vikøyri – Spar – 1500-1700
Lærdal – Coop – 1500-1700
Aurland – Spar – 1130-1400
Vil du ha mer informasjon om prosjektet? Hold deg oppdatert her: