Rein Sognefjord er det neste store prosjektet Framtidshavet skal gjennomføre i 2024. På éin dag skal dei rydde så mykje marin plastforsøpling dei greier frå verdas lengste isfrie fjord. Det er ein stor operasjon som krev at mange gode krefter samarbeider og trekker i same retning. Planlegginga er i full gang, og dei håpar at så mange som mogleg som held til rundt Sognefjorden vil vere med og bidra inn mot aksjonsdagen torsdag 12. september. Vi i Sogn Næring har tenkt å bidra. Bli med du også!
Det er heilt naudsynt å forankre aksjonen lokalt for at den skal kunne gjennomførast. Framtidshavet er i dialog med ulike organ rundt Sognefjorden for å få med kommunar, skular m.fl.
Jobbar du i ein kommune og tenkjer at de vil vere med? Gi beskjed til leiinga i din kommune og ta kontakt med oss på post@framtidshavet.no.
På nyåret skal dei befare store delar av Sognefjorden for å kartlegge ryddebehov og -moglegheiter. Har du lokal kunnskap om forsøpla område eller kunne tenkje deg å bistå oss med befaring? Ta kontakt på post@framtidshavet.no.