Bli med og forme framtidas energilæring i Sogn!
Bli med og utforsk korleis vi best kan bruke den nye energilaben ved HVL campus Sogndal. Skular, høgare utdanning, læringsarenaer, kunnskapssenter, næringsliv og beslutningstakarar blir inviterte til å kome med sine ynske! For at vi i Sogn skal ruste oss med kompetansen vi treng for å vere konkurransedyktige, må vi jobbe saman! Workshopen er startskotet for etableringa av eit STEM-økosystem for energi i Sogn!
(*STEM står for Science, Technology, Engineering og Mathematics).
Ein del av EU-prosjektet Green Hydra
Korleis kan hydrogen bli ein viktig del av det grøne skiftet? Green Hydra er eit EU-prosjekt der me skal finna nye moglegheiter for små og mellomstore bedrifter til å bli ein del av Hydrogenøkonomien. Målet er å fremje forsking, innovasjon og teknologiutvikling for å skape nye forretningsmoglegheiter i denne sektoren.
Sogndal kommune adresserer kommuneplanen som politikkinstrument i prosjektet. Kommunen ønsker å forbetre regulatoriske rammevilkår, og fremja forskning, innovasjon og teknologi hjå SMB-ar i næringa. Kommunen sitt regionale nettverk består av Sogn Utvikling, Luster kommune, Vik kommune, Høgskulen på Vestlandet og Sogn Næring. Det er og ei målsetjing å etablere ei utvida lokal interessentgruppe.
Green Hydra samlar aktørar frå elleve europeiske land for å dele erfaringar og leggje til rette for berekraftig vekst i hydrogenøkonomien.
Program
12:00 - 12:45 Lunsj og tid til å bli kjent
12:45 - 12:55 Orientering om Green Hydra
12:55 – 13:25 Omvising på energilaben v/ Kristin Sæterdal
(Demonstrasjon av labforsøket «Produksjon og forbruk av hydrogen»)
13:25 – 13:55 Energilaben i lærarutdanninga v/ Kamilla Sjursen
13:55 - 14:10 Introduksjon til prosjektet «Eit STEM-økosystem for energi i Sogn.» v/ Kristin Sæterdal
14:10 – 15:10 Samarbeid som treffer barn og unge
Ein workshop der kvar gruppe skal formulere eit tiltak som vi skal jobbe for å realisere. Det kan til dømes vere ei aktivitet, eit arrangement eller eit styrkt tiltak med fleire samarbeidspartnarar.
15:10 – 15:30 Oppsummering og diskusjon