Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Frå snø til kode

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Lunsj med påfyll: Frå snø til kode: Vinteren 2025 i eit nytt perspektiv

Onsdag 23. april kjem Anders Asheim Hennum for å fortelje oss om korleis vinteren i 2025 har skilt seg ut, og kva kan vi lære av å sjå på den i eit historisk perspektiv. Gjennom bruk av programmering, dataanalyse og kunstig intelligens får vi innsikt i korleis verktøy frå teknologien si verd kan kaste nytt lys over naturen og klimaet vårt.

Anders tek oss med på ei reise frå snø til kode. Frå dei faktiske snøfall og temperaturar vi har opplevd, til dei digitale metodane som gjer det mogleg å analysere og forstå utviklinga over tid. Vi får også innblikk i metodikken bak arbeidet, og kvifor denne typen tverrfaglege tilnærmingar er stadig viktigare i møte med eit klima i endring.

For ei bygd som Sogndal der vinter, snø og skiglede er ein viktig del av både kvardagslivet og identiteten er dette eit høgst aktuelt tema. Kva skjer med snøen i framtida? Korleis kan vi bruke teknologi for å forstå det som skjer rundt oss, og førebu oss på det som kjem?

Ta med deg matpakka og bli inspirert

🕛 Tid: Onsdag 28. mai kl. 11.30
📍 Stad: 2 etg i Innovasjonsbygget

Forrige
Forrige
7. mai

Feilekveld på Fjøra Pub

Neste
Neste
4. juni

Styrekurs