Tilbake til alle arrangementer

Sosialt entreprenørskap, reparasjon og ombrukskveld på Meieriet

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Sogn Næring, HVL Skape, SIMAS, Fremtiden i Våre Hender Sogndal og Trivselssentralen ynskjer å invitere til ein hyggelig kveld på Meieriet med tema sosialt entreprenørskap, reparasjon og ombruk.

Vi startar kvelden 18:00 med gratis mat og føredrag. Vi skal få høre frå Joaquin Zenteno Hopp frå Vestlandsforsking. Joaquin har erfaring med sosialt entreprenørskap frå Latin Amerika, der han jobba med sosiale innovasjonar og søppelhandtering. Han har også erfaring fra arbeid innen menneskerettigheter og ombruk frå Bolivia og Galapagos øyene.

Deretter skal Ingeborg Lysne snakke om korleis det er å starte eit eige selskap innan reparasjon, og erfaringar ho har gjort seg på reisa så langt.

Til slutt skal vi høre litt om reisa til Friluftsskulen. Dei skal dele vi deira reise frå etableringa av aktivitetsvekene til det som i dag er friluftsskulen i Sogn i samarbeid med Friluftsrådet. Dei vil fortelje om bakgrunnen for prosjektet, korleis dei rekrutterer og engasjerer unge instruktørar til sommarjobb, og marknadsføringsstrategiane til Friluftsskulen. Til slutt gir vi eit innblikk i Kompani Sogn – eit initiativ for å skape robuste, samspelte og friluftsglade deltakarar.

Etter føredraga opnar vi for fikseverkstad. Alle er velkomne til å ta med ulike ting som må stoppes, lappes, øydelagde glidelåser eller spenner på sekker, lapping av goretex er også mogleg. Vi stiller med utstyr så fikser vi i lag! Vi har symaskiner tilgjengelege, og Moa frå Me syr og Ingeborg frå Saumlaus stiller for å hjelpe til med tips og triks. Om du går tom for ting å fikse kan du ta med handarbeid medan du plukkar opp tips til kva du skal gjere neste gong glidelåsen ryk.

Forrige
Forrige
27. mars

Inspirasjonslunsj på Sirkulærdagane ved HVL

Neste
Neste
8. april

Ungt entreprenørskapsmesse i Sogndal