Me ynskjer velkommen til Frukostmøte med god kaffi, frukostbufe og eit viktig tema.
Sogn Næring, Vik Næringssamskipnad og Vik kommune inviterer til frukostmøte på Blix Hotell 30. september 07:30.
det vert sett av 15 min i starten av programmet for å hente seg mat og setje seg inn på konferanserommet.
Me har to innlegg for denne dagen, første innlegg vil vere «klima og næringa si medverknad til kommunen sitt arbeid med revisjon av klimaplanen.» Karen Weichert Frå Plan og forvaltningsavdelinga i Vik kommune kjem for å fortelje om prosessen frem mot utarbeiding av den nye klimaplanen og forventningane til næringa i samband med denne.
Me skal og få besøk av kommunalsjef Geir Svendsen som held ein presentasjon om offentlege innkjøp, først litt om dei offentlege regelverka dei må følgje og etterpå korleis det vert gjort i Vik. Etterpå vert det høve til diskusjon rundt temaet. Rådmann Øistein Søvik er til stades for å bidra i diskusjonane.
Ordføraren kjem for utdeling av diplom til to bedrifter som er blitt sertifiserte som Miljøfyrtårn.
Meld deg på her!