Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Arealbruken i Sogndal gjennom 30 år

  • Lunsjrom 2. etg Innovasjonsbygget 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Forskingsprosjektet "Vilkår for berekraftig tettstadutvikling" har studert arealbruken i og rundt tettstadene i fire norske kommunar over ein periode på 30 år. Sogndal er ein av desse. Samanlikna med dei andre kommunane i studien, har Sogndal bygd ut langt meir naturområde og jordbruksareal i høve til folkeauken i denne perioden. I føredraget går prosjektleiar Kyrre Groven nærare inn på resultata, og stiller dessutan spørsmål om kva vi kan gjere med denne kunnskapen.

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.
Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.
Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet

Senere arrangement: 11. november
Frukostmøte Vik