HVL Skape er Høgskulen på Vestlandet sitt studenttilbod innanfor innovasjon og entreprenørskap. Dette er ikkje nye ord i høgskulesamanheng, satsinga på innovasjon og entreprenørskap skal bli tydelegare på alle fakulteta. Det er også eit auka fokus på ansvarleg innovasjon.
Høgskulen har eit mål om at HVL Skape skal vere meir enn eit tilbod til dei studentane som ynskjer å starte ei eiga verksemd. Studietilbodet skal gi alle studentane, som sjølv ynskjer, entreprenør ferdigheiter og erfaring med innovasjonmetodikk, slik at også studentar på til dømes helse- og sosialfag og pedagogikkutdannning kan møte arbeidslivet med eit innovativt blikk.
Rådgivar Ida Ramsfjell og studentassistentane Jim Skartein og Lars Røyrhus har starta arbeidet med å synleggjere HVL Skape for studentar ved Campus Sogndal, og for arbeidslivet i Sogn. Ida har ei stilling delt mellom HVL og Sogn Næring, som gir ein unik moglegheit til å knytte studentar og praksisfeltet tettare saman . For HVL Skape er samarbeid med aktørar i regionen svært viktig- både offentleg og privat.
Ida kjem for å forteje meir om korleis dei tenkjer at ein kan knyte studentane tettare til bedriftene i lokalt næringsliv. Mellom anna ved at bedriftene melder inn problemstillingar som studentane kan bryne seg på
Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.