“Kjeringi Open har frå første dag handla om å ta i bruk det vi har naturgjevne forhold i nærområde. Telemarksving og skileik danna starten på eventyret som såg dagens lys i 1993.”
Sidan starten i 1993 har arrangementet vakse til ein stor folkefest i Leikanger. Gjennom fleire år har totalt 500 deltakarar vore med på sjølve løpet. Kjerringi open, også kaldt verdas største fjellcross, har i år 30 års jubileum. I samband med dette kjem Roar Werner Vangsnes og Leif Inge Husabø til Campus Sogndal for å fortelje om historia til det unike arrangementet på Leikanger,
Det er også lovd eit musikalsk innslag i form av ein presentasjon av den legendariske Kjeringi Open songen!
Sogn Næring inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.