Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Korleis kommunisere berekraft utan å grønvaske?

  • Lunsjrom 2. Etg Innovasjonsbygget 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Å vere berekraftig gir deg eit konkurransefortrinn, men ikkje utan at du fortel om det.

Astri frå Gasta kjem for å fortelje oss korleis me kan kommunisere om bærekraft på ein god måte.

Som Miljøfyrtårn, ønskjer Gasta å vere ein pådrivar for å auke fokuset på berekraft hos kundane våre. Skal vi nå FN sine berekraftsmål må næringslivet ta enda større ansvar og iverksetje konkrete tiltak. Bedrifta di må ha fokus på berekraft om de skal vere konkurransedyktige i tida som kjem.

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.
Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.
Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.

Tidligere arrangement: 18. oktober
While1Create Utviklarsamling