Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Bjørn Moheim frå Sogn Sparebank: Tunge år i næringslivet kvar går vegen vidare?

  • Fus Vik Sentrumsgata, 6893 Vik i Sogn 6893 Vik i Sogn Norway (kart)

Bjørn Moheim Frå Sogn Sparebank har teke temperaturen på næringslivet i bygdene i Sogn. Han kjem for å fortelje kor vegen går vidare. I økonomien heng alt saman, han ser på det store biletet og delar tankar om korleis me i distriktet skal jobbe saman for å stå bedre rusta for tida som kjem.

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.
Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.
Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet