Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Sogn Næring 15 år

  • Ciderhuset Sjøtunsvegen 32, 6899 Balestrand Norway (kart)

20. april 2007 vart Sogn Næring skipa som Sogndal kommune og næringslivet i kommunen sitt felles verktøy for utvikling.

På dei 15 åra som har gått, har Sogndal auka folketalet frå 6.822 til 12.069 innbyggarar og selskapet har aktivitet i heile regionen for både privat og offentleg sektor.

Til jubileet har historikar Aage Engesæter skrive soga om selskapet, og den korte versjonen er du invitert til å høyre.


Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.

Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.
Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.

Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet

Tidligere arrangement: 19. april
While1Create Utviklarsamling
Senere arrangement: 27. april
Lunsj med påfyll -Friske og produktive tilsette