Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Vineventyret i Sogn

  • FUS Leikanger 40 Sognefjordvegen Leikanger, Vestland, 6863 Norway (kart)

Sidan 2014 har hardtarbeidande Bjørn Bergum og kåna Halldis jobba for å skape verdens nordlegaste kommersielle vingard.
Han har lenge drøymd om å kunne produsere sin eigen vin på lokaldyrka druer.

Bjørn kjem for å fortelje om reisa frå ide til ferdig vin.
Enten du har ein draum om å nyte sjølvdyrka og sjølvlaga vin, eller om du rett og slett er glad i ein god historie, bør du ta turen!


Arrangementet finn stad i kantinerommet til Asplan Viak i 1. etasje på Leikanger

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.
Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.