Saman med Balestrand Hotell ynskjer vi å invitere til næringspub i Balestrand torsdag 16 februar frå klokka 19:00 . Då vil Theodor Kvikne fortelje litt om reisa dei har hatt frå musikk til Esport og Hotell, og kvifor dei endte opp med å satse på akkurat dette.
“For oss handlar alt om å skape noko som er kjekt for andre og oss sjølve, med ein mentalitet som er litt «gjer først, tenk etterpå». Om det ikkje er gøy så droppar me det.“ Theodor Kvikne
Det blir lagt opp til ein flytande dialog med moglegheit til å stille spørsmål etter kvart. Målet er å skape ein kreativ atmosfære der aktørar kan møtast og få inspirasjon og kanskje lære noko nytt av dei mange innovative aktørane som finst i og rundt Balestrand. Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stede og slår gjerne av ein prat med dei som måtte ynskje det.
Arrangementet er ope for alle! Velkommen!
Fyll inn under for påmelding