Har bedrifta di planar om å utvikle eit nytt produkt, teneste eller produksjonsprosess? Lurer du på om SkatteFUNN er noko for di bedrift, eller er du i gang med ein søknad? Kom på SkatteFUNN-kurset på Skei 17. juni. Vi kan hjelpe til på vegen frå ein spenstig idé til verdiskapande resultat. Med SkatteFUNN får du 19% skattefrådrag av prosjektkostnadane.
På kurset får du informasjon om kva bedrifta kan få økonomisk støtte til gjennom SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet.
Vetle Ottersen i Bano-gruppen fortel om erfaringar med bruk av SkatteFUNN i Bano og Strukturplast på Sandane. Dei har over 10 års erfaring med bruk av SkatteFUNN og andre støtteordningar for forsking og innovasjon i næringslivet.
Etter lunsj vert det praktisk arbeid med søknadsskjemaet og rettleiing frå rådgjevarar frå Forskningsrådet som til dagleg sakshandsamar SkatteFUNN-søknadar. Avtal gjerne eit ein-til-ein møte med ein rådgjevar i påmeldingsskjemaet. Rådgjevarar frå Innovasjon Norge er også tilgjengelege for ein prat om prosjekt og andre støtteordningar.
Påmelding: www.forskningsradet.no/arrangementer/2022/skattefunn-kurs-pa-skei
Les meir om SkatteFUNN:
https://www.skattefunn.no/
Les meir om våre verktøy, project canvas her: https://www.forskningsradet.no/.../naring.../prosjektkanvas/