Finansiering

 
Illustrasjon som viser innovasjon, utfordring, prosessar, rekruttering, tverrfagleg, samarbeid med mer

illustrasjon: Torkjell Solbraa

 

Det er fleire måtar å finansiere oppstart, innovasjon-, utvikling- eller forskingsbasert arbeid på. I nokre kommunar er det mogleg å søke støtte gjennom det kommunale næringsfondet. Men det er òg mange moglegheitar utanfor kommunegrensene. Det er prosjektets art som avgjer kva moglegheiter som er tilgjengeleg.

Ta gjerne kontakt med oss i Sogn Næring på post@sognnaring.no om du har spørsmål eller ynskjer bistand.


Kommunale næringsfond

Næringsliv og organisasjonar i Vik kan søke midlar frå det ordinære kommunale næringsfondet i Vik kommune.


Sognefjord Næringshage

Vi opererer SIVA sitt næringshageprogram saman med Sognefjorden Næringshage. Programmet er retta mot etablert næringsliv. Målet er å gi lokale bedrifter auka mogelegheiter til vekst, ved å kople saman gode kompetansemiljø.

Sognefjorden næringshage er ein del av SIVA sitt landsdekkande nettverk av næringshagar, forvalta av Vestland Fylkeskommune.

Ta kontakt med oss om di verksemd ynskjer å bli målbedrift i næringshagen.

 

Innovasjon Norge

Innovasjon Norge har ei brei portefølje av støtteordningar. Alt frå marknadsavklaringstilskot for gründere til prosjekt- og utviklingsmidlar til etablert næringsliv. Vi har god erfaring med dei fleste tenestene til Innovasjon Norge og hjelper deg gjerne i gang med ein søknad.

Ta kontakt med oss for ein ein prat.


 

Vestland Fylkeskommune

Vestland Fylkeskommune har fleire tilskotsordningar ein kan søkje på. Det er støtteordningar innan områda Nærings- og samfunnsutvikling, Folkehelse, Idrett og friluftsliv, Integrering og inkludering, Klima og natur, Kultur, Planlegging, Trafikktryggleik og Utdanning.

Les meir om støtteordningane her.


Forskingsrådet

Er du ei små- eller mellomstor verksemd, med planar om å utvikle eit nytt eller forbetra produkt, teneste eller produksjonsprosess? Forskringsrådet til gir råd til forskingsbasert innovasjon og støttar verksemder som nytta FoU for å innovere.