Styrekandidat Vest
< Tilbake til alle prosjekt
Styrekandidat Vest
Om prosjektet: Styrekandidat Vest koplar personar som er interesserte i styreverv, og synleggjer desse for bedrifter som søkjer styremedlemmer.
Aktørar: Sogn Næring, Sunnfjord Utvikling, Høyanger Næringsutvikling, Framtidsfylket Vestland, Advokatfirmaet Tollefsen og Formue
Styrekandidat Vest er ein database som koplar personar som er interesserte i styreverv, og synleggjer desse for bedrifter som søkjer styremedlemmer.
Målet med Styrekandidat Vest er å profesjonalisere styrearbeidet i bedriftene i Vestland, ved mellom anna å sørgje for å auke kvinneandelen, få inn fleire yngre kandidatar og fleire eksterne styremedlemmer. Det er gratis å bruke Styrekandidat Vest, både som kandidat og bedrift.
Styrekandidat Vest er eit resultat av eit samarbeid mellom ei rekkje aktørar i regionen; Sogn Næring, Sunnfjord Utvikling , Advokatfirmaet Tollefsen , Høyanger Næringsutvikling & Framtidsfylket Vestland. Med oss har vi også Formue, som har ei stor pågåande satsing med lokale styreportalar rundt i landet.
Prosjektoppdateringar: