Økologisk gullmerke i vekst på Lambhaug
På Lambhaug i Luster har det som ein gong var ein draum om eit fredelig liv på eit småbruk utvikla seg til ei bedrift med over tre årsverk, som nyleg stakk av med prisen som årets bedrift på Lustramarknaden.
Danske Martin og Mathilde Buch-Larsen og deira tre barn driv med økologisk grønsaksproduksjon på 3,5 mål på Bøtun Gard, etter markedshageprinsippet. Det betyr at dei driv med intensiv dyrking på eit lite areal, med stor variasjon i sortar og utval. Kvart år roterer sortane plass, for å sikre god jordhelse og hindre plantesjukdommar.
Sidan oppstarten i 2021 har ekteparet etablert seg solid i den lokale marknaden. Kvar veke leverer dei over 50 grønsakskassar til familiar i området gjennom si abbonnementsordning, og dei økologiske råvarene deira er å finne på fleire serveringsstader og hotell. Desse samarbeida er utrulig verdifulle begge vegar, fortel Martin.
“Ta Fjærland fjordstove, til dømes. Kokken deira kjem hit jamleg for å sjå kva grønsaker som er klare dei neste vekene, og planlegg menyen ut i frå det. Slik får han topp kvalitet på råvarene han brukar, og gjestene deira får alltid mat som er i sesong”.
I tillegg til Fjærland fjordstove, står Nes Gard, Walaker hotell, Turtagrø og Ellevilt på kundelista. Sidan oppstarten har verksemda vakse til å også famne om produksjon av snittblomar og dekorasjonar til arrangement, kafèdrift og catering på arrangement som Bergatt-festivalen i Luster.
Den nyoppsette driftsbygningen husar kjøken og møterom med plass til inntil 40 menneske, og oppalsdrivhuset i tilknyting til driftsbygningen blir gjort om til kafè to dagar i veka når småplantene har komme ut i åkeren. Framover ligg både foredling av råvarene, sjokoladeproduksjon og eit framstøt mot kurs- og konferansemarknaden i korta. I tillegg til at som produseres, har familien både overnattingsfasilitetar til utleige, og in-house yogaindstruktør i Mathilde. I vår vart bedrifta teke opp i Innovasjon Norge sitt vekstprogram, noko som gir dei meir midlar til utvikling og innovasjon.
Vi vil gjerne utvikle tilbodet vårt vidare mot reiselivsbransjen og bedriftsmarknaden. Med det nye møterommet vårt har vi moglegheit til å ta imot grupper inntil 40 stykk, eller rundt 35 med servering. Vi ser at bedriftsmarknaden gir oss føreseielegheit, og det er eit stort potensiale der.