Dette tar vi med oss frå FOLKA konferansen 2024
I går møtte nærmere 140 HR ansatte og rekruterings engasjerte folk til nettopp FOLKA konferansen på Skei. Konferansen gav oss viktige innblikk i korleis framtidas arbeidsliv bør forme seg, med særleg fokus på mangfald, inkludering og berekraftig rekruttering. Dette var andre året konferansen vart arrangert, og vi ser allereie fram til neste år!
Gjennom dagen vart det tydeleg at det er mange perspektiv å ta omsyn til når vi skal skape arbeidsplassar som ikkje berre fungerer, men som også gir plass til alle – uansett bakgrunn, utfordringar eller erfaringar.
Dagen starta med sterke personlege historier som sette tonen for konferansen. Salih Burma frå Norec minna oss på at vi som arbeidsgivarar må sjå lenger enn det som står på ein CV. Å fokusere på potensialet til kvar enkelt, i staden for å låse oss til formell kompetanse, vil vere avgjerande for å inkludere fleire i arbeidslivet. Burma trekte fram kor viktig det er å tilby støtte gjennom heile ansetjingsprosessen, anten det handlar om språkopplæring, teknisk utstyr eller eit solid nettverk på arbeidsplassen. Han la også stor vekt på rolla til aktive mentorar, som ei nøkkel til å få nytilsette til å føle seg sett og høyrt.
Ørjan Hjellhaug frå Sogndal Fotball delte si reise, som gjekk frå utfordringar med alkohol til å finne stabilitet og meining gjennom jobben. Gjennom samarbeid med NAV og støtte frå arbeidsgivaren, har han no vore edru i åtte år. Ørjan si historie er ei påminning om at arbeidsplassen kan vere ein arena for personleg vekst og støtte, spesielt når det vert kombinert med sterk vilje til tilrettelegging frå leiinga.
Vidare på dagen fekk vi høyre Jan Roger Grytten fortelje om sin kamp med depresjon, og korleis jobben på hotell bokstaveleg tala redda han. Sammen med Anne Grethe gav han eit sterkt innblikk i korleis små steg, tilrettelagt arbeid og god oppfølging kan gjere ein stor forskjell for menneske som har falle utanfor arbeidslivet. Deres erfaringar viser kor viktig det er å gi plass til alle, og korleis arbeidsgivarar kan spele ei avgjerande rolle i å gi folk ein ny sjanse.
Eit av høgdepunkta var foredraget til Tor Andreas Bremnes frå InClue, som utfordra oss på korleis vi anset. I eit marknad der talent med funksjonsnedsetjingar ofte blir oversett, må vi aktivt jobbe for å bryte ned barrierer. Forsking viser at personar med funksjonsnedsetjingar har 50 prosent lågare sjanse for å bli kalla inn til jobbintervju, noko som stiller spørsmål ved kor langt vi har kome med mangfald og inkludering i rekrutteringsprosessar. Dette utfordrar oss til å gå bort frå dei tradisjonelle kriteria for ansetjingar og heller fokusere på menneske sine personlege eigenskapar og potensial.
Eivind Bøe frå Randstad presenterte ferske tal som tydeleggjorde kva dagens arbeidstakarar set høgast. I ei tid der 1 av 3 bedrifter slit med kapasitetsproblem grunna mangel på tilsette, handlar det om meir enn berre lønn. Arbeidstakarar ser etter gode arbeidsmiljø, attraktive lønsbetingelsar, utviklingsmoglegheiter og ikkje minst balanse mellom jobb og fritid. Dette er verdiar vi alle bør ta innover oss i møte med ein stadig meir krevjande arbeidsstyrke.
Dagen vart avslutta med eit kraftfullt innlegg frå Jan-Martin Berge om viktigheita av psykisk helse i arbeidslivet. Hans fokus på å bygge mentale musklar er ei god påminning om at trivsel og arbeidsglede ikkje berre handlar om ytre faktorar som lønn og vilkår, men også om korleis vi tek vare på vår eiga og andre si psykiske helse. Dette er noko vi som arbeidsgivarar må ta på alvor dersom vi skal skape eit inkluderande arbeidsmiljø som også evnar å utvikle og halde på tilsette over tid.
FOLKA-konferansen har gitt oss eit vell av inspirasjon og konkrete verktøy. Med fokus på inkludering, personleg utvikling og teknologisk innovasjon, står vi betre rusta til å møte dei utfordringane som framtidas arbeidsmarknad bringer. Det er på tide at vi tenker større, tør å utfordre dei etablerte strukturane og verkeleg satsar på menneska som utgjer arbeidsplassen. Vi gleder oss allereie til neste år!