Teknologiveka 2024
Teknologiveka 2024 samla teknologiutviklarar, forskarar, næringslivet og kommunar til to dagar med inspirerande føredrag, faglege diskusjonar og ikkje minst gode nettverksmogelegheiter i Årdal – teknologibygda i Sogn. Vestland har stort behov for grøne arbeidsplassar, og konferansen ga deltakarane innsikt i korleis regionen kan ta leiinga i det grøne skiftet.
Dag 1: Energi i Vestland
Første dag hadde fokus på energiløysingar og utfordringane knytt til kraftforsyning i Vestland. Etter ei varm velkomsthelsing frå Frank Øvstetun frå Sitep, delte Tor Martin Misund frå Vestland fylke og Trine Grøttebø frå Årdal Utvikling innsikt i behovet for kraftutbygging og naturvern. Med mål om å nå 15–20 TWh innan 2035 peika dei på kor viktig det er å balansere desse omsyna for å oppnå berekraftig vekst. Carlo Aall frå Vestlandsforsking utfordra deltakarane til å reflektere over kor mykje energi som eigentleg trengs i eit nullutsleppsamfunn og la opp til diskusjonar om berekraftig livsstil og forbruk.
Kjernekraft var også eit sentralt tema, med forskarar frå Universitetet i Bergen som delte både optimistiske og kritiske perspektiv. Dieter Röhrich tok opp dei tekniske utfordringane ved kjernekraft, medan Jan Petter Hansen og Dorte Madsen utforska korleis kjernekraft kan spele ei rolle i den globale energiomlegginga.
Gjennom dagen blei alternative energikjelder som solkraft, bølgjekraft og vindkraft diskutert. Helge Holen frå NorSun peika på utfordringar ved solenergiproduksjon i ein global marknad dominert av Kina, men understreka samstundes potensialet for å utvikle solkraft lokalt. Yngve Hallén frå Sognasmed la vekt på kor viktig det er å rekruttere og behalde ungdom i bygdene, og framheva korleis Årdal, som teknologibygda i Sogn, stadig utviklar seg som eit knutepunkt for grøne initiativ og teknologiske løysingar.
Dag 2: Industriell symbiose og sirkulærøkonomi
Andre dagen tok for seg industriell symbiose og samarbeid mellom sektorar for å redusere klimafotavtrykket. Heidi Synnøve Gaustad frå Innovasjon Noreg introduserte prosjektet Grøn Region Vestland, der over 300 grøne initiativ er med på å forme regionen og skape nye arbeidsplassar. Gro Elin Kjæreng Bjerga frå Norce og Kjell Husabø frå Arda Energy viste korleis bioressursar kan utnyttast meir effektivt.
Elise Sæle Dahle frå Klosser snakka om korleis Voss Biopark utnyttar biologiske ressursar og omdannar matavfall til biogass, noko som viser regionen sitt engasjement for sirkulærøkonomi. Torunn Hønsi frå Vestlandsforsking delte innsikt i korleis biokol kan brukast som karbonlagrande ressurs og bidra til betre jordkvalitet i landbruket.
Med gode minglepausar gjennom begge dagane, var det lagt til rette for at deltakarane kunne knyte kontaktar, diskutere idear og utforske potensielle samarbeid. Dei gode matopplevingane bidrog også til at Teknologiveka blei ein sosial og lærerik møteplass der både næringslivet, forsking og offentlege aktørar fekk byggje relasjonar.