Julemarknadsguiden i Sogn 2025

23.-24. november: Julemarknad på Lærdalsøyri
Opnar klokka 10 laurdag 23. november. Konsert, grautkafè, utstillarar i fleng, julekino og meir.

23.-24. november: Jul i Fjærland

Boder frå 12-16. Opne butikkar, boder, formingsaktivitetar, julegraut, konsert med Fjærland kammerkor og meir. Samt hundekøyring og hesteridning for dei minste.

Laurdag 30.november: Julemarknad ved Vetleøyri senter, Vik
Klokka 11-14. Utstillarar med lokalmat, bålpanne og julehygge utanfor Vetleøyri senter i Vik.

Laurdag 30. november: Julemarknad i Fortun
Frå klokka 15 til klokka 18 blir den gamle skuleplassen omgjort til ein koseleg marknadsplass med mykje lys, bålpanner, korpsmusikk og korsang. Anna og Kristina syter for hesteskyss(Frå klokka 15-16) og nissen kjem sjølvsagt i år også. Me har salsboder med mykje ulikt handarbeid, matvarer og bakverk. I kafeen sel me risengrynsgraut, smoltringar og gjærbakst, alt er sjølvsagt heimelaga. I tillegg sel me varm og kald drikke.

30.november: Jul i Balestrand

Julemarknad, handarbeid, nissen kjem! Julebutikk i Ciderhuset, og motevisning hos Abbys boutique.

30. november: Julemarknad på Villmarka, Leikanger

Klokka 11-15. Julemesse med alle slag varer. Pinnakjøpt, og trearbeid, hudpleie og røykt laks. Graut, gløgg og hygge.

7. desember: Julemarknad i Marifjøra, Luster
Frå 11-15. 25 utstillarar og ny rekord i Marifjøra! Gløgg, kaffi og kaker, og ope på Kafè Marifjøra. Hesteskyss, aktivitetar med Vitemeir og Presentasjon av Indre Hafslo Skule sitt prosjekt om Marifjøra. Nissen kjem også.

aktueltSigrid Skjerdal