Har du ei kompleks utfordring du treng hjelp til å løyse?
Høgskulen på Vestlandet inviterer næringslivet til å sende problem som kan løysast med design-metodikk. Eller kanskje du vil lære å løyse dei?
Faget samskaping og innovasjon for berekraftig utvikling passar anten du er tilsett i næringsliv, offentlege verksemder, student, pensjonist eller arbeidssøkar. Her jobbar studentane med ekte problem, og brukar metodar frå design thinking og samskaping for å løyse dei. Du lærer om kommunikasjon på tvers av fag, disiplin, nivå eller bakgrunn, og korleis du vurderer berekraft i ei teneste eller eit produkt.
🌟Frist 15. desember for å melde seg opp. 🌟Samlingsbasert, 🌟15 studiepoeng over 1 år.
Design thinking-metodikken var ny for meg, og veldig nyttig for måten vi jobbar i skjeringspunktet offentleg og privat. Det å sette brukaren i sentrum er like relevant for om du utviklar ei offentleg teneste eller eit nytt og innovativt produkt. Nettverket og sparringa med medstudentane var også utrulig verdifull. - Sigrid Skjerdal, Sogn Næring
Vil du melde inn en case til emnet?
Eller kanskje du har eit litt komplekst problem, behov eller ide du ynskjer å få utforska moglege løysingar på gjennom nye metodar i tverrfaglege team?
Om di bedrift har ei litt kronglete floke de ikkje finn noko openberr løysing på, kan du melde inn problemstillinga som case til emnet. Her er det mogleg å få kloke hoder til å bruke energi på akkurat di floke.
Send case og eventuelle spørsmål til: Ellen.blom@hvl.no