Inspirasjonskveld i Vik - frå tradisjon til innovasjon

Det vart fullt på Ostebaren då bøndene utforska moglegheitene i reiselivet. Kvar er gammalosten i dette? I sentrum, skal vi tru den sjølverklærte gammalost-misjonæren Kristin Glück-Teigland.

Vestlandet er ein av regionane som vekst mest i popularitet hos turistane. Landbruksministeren lanserte målet om å få omsetning av lokalmat opp frå 12 milliardar (2024) til 25 milliardar i 2035. Tilleggsnæring i landbruket kan bety ein ekstra inntekt på garden for dei som satsar. Det kan vera alt frå vidareforedlinga av råvarene ein produserer på garden i dag, ta imot gjester på garden eller nytte ressursane ein har i utmarka.

– Det viktige er å ta utgangspunkt i ressursane du har på garden din. Kanskje du har eit sel der du kan ta med gjester, servere lunsj og fortelje historia. Dyr som gjestene kan helse på. Turistane er mest opptekne av det nære. Korleis lever de liva dykkar her? Kvar går ungane på skule? Det treng ikkje vere så komplisert for å vera spennande, innleia Ellen Fivelstad frå Visit Sognefjord.

Elin Hauge tok turen frå Luster og Hauge gard. Ho gjorde om eit gamalt eldhus på 26 kvm til gardskafè. Der sel ho og familien produkt med ber frå garden, kaffi og mat med base i råvarer frå andre produsentar i området. Hennar konkrete tips til bøndene som tenkjer på å starte med reiseliv var:

  • Har du tid og lyst, og korleis vil det påverke familien din?

  • Folk er villige til å betale for eit godt og ekte produkt

  • Vern om privatlivet, lag private soner på garden

  • Planlegg godt før sesongen

  • Start med noko du likar, og gjer det så ekte du kan

Frå Leikanger kom brørne Ingar og Øyvind Husabø, frå Husabø Vingard. Øyvind er sauebonde, og no vinbonde saman med to av brørne sine. Frå idèen vaks fram til dei første vinstokkane stod i jorda, gjekk det berre få år.

– Vi gjer det fordi det er moro, og læringskurva har vore slik, seier Ingar og syner ei kurve som går rett opp med handa si.

– Neste steg for oss er å lage enda bedre vin, og få den i salg. Og etter å ha høyrt foredraga i dag, kanskje vi skal lage ein vinbar i naustet vi har ved sjøen? Kven veit, tilføyer Øyvind Husabø.

Mattilsynet, Sogn Næring og Vik kommune gjekk gjennom hjelparane som kan hjellpe gardsgründarane i gang, og ting ein må tenke på når ein startar. Kort oppsummert kan ein begynne med å kontakt landbruksrådgjevar eller næringsrådjevar i kommunen, og så får ein hjelpe til å lage ein plan for kven ein bør kontakte vidare for rett rådgjeving og finansiering.

Til slutt tura heile følgjet på i overkant av 25 stykk ned til Blix hotell. Der diska kokkane opp med gammalosten i kreative versjonar. På pepparkake, i havrekjeks og meir til. Kristin Glück-Teigland slo eit slag for yste- og stølskultur, og serverte smørsteikt gammalost (kan anbefalast!).

– Gammalosten er hjartet av norsk ystekultur. Mitt mål er å gi den ei ny tid. Den skal inn på michelin-restaurantar, fortalte ei målretta og engasjert budeie.

Med seg hadde ho også langtidslagra gammalost, kverna til pulver.

– Gammalosten har langt meir umami enn parmasan, for eksempel. Det gjer den heilt unik.

No gler vi oss til å sjå kva vikjene kjem opp med vidare! Takk til Meieriet/Ostebaren og Blix for ypperleg vertskap. Takk til Bondelaget og landbruksrådgjevarane i Vik kommune for godt samarbeid i planlegginga. Takk til Vestland fylkeskommune for støtte til gjennomføring av arrngementet.

Forrige
Forrige

Samspel for ei meir berekraftig framtid

Neste
Neste

Har du ei kompleks utfordring du treng hjelp til å løyse?