Samla for å peika ut nye retningar

Denne veka arrangerte Sogn Næring to workshoppar som samla unge vaksne og næringslivstoppar frå heile regionen. Målet var å diskutera korleis Sogn kan behalda attraktiviteten i tida som kjem, og korleis me kan løfta og byggja regionen under ei felles merkevare.

 

Måndag kveld møtte femti unge vaksne frå Sogn U40 opp i Sogndal kulturhus, mange av dei i småbarnsfasen, for å diskutera framtida til regionen. Samlinga, som vart leidd av Svein Roger Selle, gav deltakarane høvet til å tenkja nytt om Sogns profil og merkevare, og utfordra dei til å sjå forbi dei etablerte førestillingane om kva Sogn er i dag. Tysdag var det næringslivets tur til å delta i ein tilsvarande workshop, der leiarar frå ulike sektorar i heile Sogn kom saman for å diskutera dei same temaa.

 

Diskusjonane var djupe og kreative. Det vart peika på tilbod som fleire sosiale møteplassar, betre kollektivtransport, og eit meir variert uteliv – faktorar som dei meiner er avgjerande for å tiltrekkja seg og behalda unge menneske i regionen. I tillegg kom det opp viktige tema som tettare samarbeid mellom HVL og næringslivet, betre tilrettelegging for entreprenørskap og auka fokus på å fortelja historia om kven den «moderne sogningen» er. Mange deltok aktivt og engasjert, og heldt samtalane fram lenge etter at arrangementet var over, noko som viser at dei er klare til å bidra til endring.

 

Dei mange gode ideane frå begge gruppene viser at det er ein sterk vilje til å gjera Sogn til ein meir levande og attraktiv region. No er fokuset for oss i Sogn Næring å omsetja ideane til konkrete tiltak som kan gjera regionen meir konkurransedyktig og attraktiv for både unge og etablerte aktørar. Deltakarane på workshoppane vil bli invitert inn til ei ny økt for å diskutera funna vidare.

Bård Basberg