Søk støtte til redusering av plastbruk og sirkulær plastøkonomi

Om utlysinga

Nøkkelinformasjon

  • Utlyst ramme: Inntil 75 millionar kroner

  • Prosjektet si varigheit: Inntil 2 år etter tildeling

  • Krav til anna finansiering: Minst 50 % av totale prosjektkostnader

  • Eitt-trinns søknadsprosess, dvs. berre full søknad

  • Søkefrist: 11. oktober 2024

Målet med utlysinga er å støtte prosjekt som bidreg til å redusere plastmengdene gjennom auka levetid på plast- og emballasjeprodukt, primært ved betre design og nye forretningsmodellar som inkluderer reparasjon og ombruk. Utlysinga rettar seg berre mot bransjane emballasje, tekstilar, fiskeri og havbruk, samt bygg og anlegg i Noreg. Innanfor denne avgrensinga kan det òg søkjast om støtte til prosjekt utanfor Noreg, føresett at løysinga eller kunnskapen kan gjere det norske plastsystemet meir sirkulært.

Kven kan søkje?

Alle typar bedrifter kan søkje. Prosjekt som oppfyller følgjande kriterium vil bli prioriterte:

  • Prosjektet tek omsyn til heile verdikjeda, både gjennom relevante prosjektpartnarar og dokumentert kompetanse innanfor kritiske suksessfaktorar

  • Plastmengda i prosjektet gir nødvendig skala til at løysinga er økonomisk berekraftig og gir vesentleg miljøeffekt

  • Prosjekt med ei solid forankring hos problemeigar

Handelens Miljøfond kan ikkje utbetale støtte til medlemmer. Dette inneber at medlemmer ikkje kan stå som søkjar, men kan delta som prosjektpartnar, føresett at prosjektet sine resultat blir gjort ope tilgjengelege, både for medlemmer og ikkje-medlemmer.Haustens utlysingar er ein 1-trinns søknadsprosess (utan skissesøknad) der søkjarane har seks vekers frist på å levere full søknad.

Følg lenka her til Handelens Miljøfond for meir info om ordninga og for å søkje.

aktueltKaroline Myklebust